Kvinnheradstiftinga løyver 100 000 til Sportsløypa !

Kvinnheradstiftinga

I går tikka det inn melding på e-posten vår om ei stor, noko uventa, men ikkje minst kjærkommen gåve til Halsnøy Sportsløype.  Kvinnheradsiftinga gjev heile hundre tusen kroner til prosjektet! 

Med dette flotte handslaget syter Sparebank1-stiftinga for at heile byggetrinn 1 er fullfinansiert. Neste mål er å få finansiert byggetrinn 2, som er den siste sløyfa attende frå Skarpeid.  Når dette er på plass, vonlegvis i løpet av neste år er Halsnøy Sportsløype blitt ei rundløype på nær 1.5 kilometer!  

Kvinnheradstiftinga, som vart etablert då Sparebank1-gruppa overtok Kvinnherad Sparebank, delte denne gongen ut ca 10 mill. kroner til samfunnsnyttige tiltak i Kvinnherad, Stord og Odda.. Du kan lesa meir om arbeidet deira ved å klikke på logoen nedanfor. Tidlegare har Kvinnherad kommune løyvd byggetilsksot innan ei ramme på 180 000 kroner i samband med at 2015 er utpeika til "Friluftslivets år".

Gå til framsida vår for å lesa meir om prosjektet, klikk her.

Sparebank1 stiftinga 400_300x70.jpg