Garden Røo

Teksten nedanfor er henta frå Skånevikssåga, bind 1, gardar og ætter i Holmedal. Forfattar er historikar Ander Haugland. Me har retta skrivemåten for Sjånjo og Sjånjevågen i tråd med den opprinnelege uttalen til bygdefolket.
Røo ligg inst i Sjånjevågen på søraustre sida av Halsnøy og strekkjer seg oppetter austre sida av Sjånjedalen like til Holsnøytodno opp mot Gravdalsvatnet. I vest grensar garden til Sjånjo i fjelberg og Fjelland i Eid sokn. I nord går grensene mot Skato og i aust mot Mehus. Storparten av innmarka er lettdrive maskinland, men er somme stader noko kupert og grunnlent. Utmarka er vesentleg kledd med drivverdig foreskog.
Det gamle hovedbølet ligg oppe i landet, nær kilometeren frå sjøen, men har sjørettar. Nær halvdelen av jorda på Røo høyrer til dette bruket. Men og det gamle bruket Stølsvikjo nede ved sjøen femner vidt. Begge bruka vert i dag drivne som attåtnæring til liks med eit nyare gardsbruk som ligg mellom desse.

Før 1610: Frå rydjing til øydetid.
Garden er ikkje nemd i skrivne kjelder før 1610. Då betalte ein ”Niels Endrezen paa Røtt” fire dalar i førstebygsel. Han kan då anten ha rydja garden for første gongen eller teke opp ein øydegard. Det siste verkar mest sansynleg.
Namnet gjev ein viss peikepinn om alderern. Røo som det og lyder i bygdamålet, tyder heilt enkelt ein rydning.Etter Oluf Rygh er det ei dativ fleirtalsform av det norrønne ordet Rud. I så fall må namnet ha opphavet sitt lenge før 1600. Då må garden vera rydja ein gong før Mannedauden midt på 1300-talet. Det høver med andre gardar som ber same namnet og som me kjenner betre soga til. Studerer me gardsgrensene i innleiinga, ser me at garden kan vera skilt frå Skato eller Mehus. Alle desse tre gaedane låg til Halsnøy kloster og har truleg vore ein gard.
Me veit ikkje korleis garden kom under klosteret. Men det er ikkje usansynleg at det var modergarden som vart lagt til klosteret i si tid, og at Røo var klostereige alt ved rydjinga.
På 1600-talet leverte brukarane ½ laup smør til klosteret i jordleige, eller kring åtte kilo. Dette var ei landskyld. Så var og garden så pass liten at det var vanskeleg å livberga seg på Røo i dei eldste tidene. Det forklarar koffor garden stadig vart lagd øyde etter kortare busetnadsbolkar.

1610 – 1720: Ny busetnad og nye øydetider
Nils Endreson vart ikkje lenge på Røo. I 1611 blei han kommandert ut i krigen mot Sverige og sendt til Svinesund. Truleg kom han ikkje att. Røo vart lagt øyde og brukt under Mehus i fleire tiår. Først i 1645 får me vata at det budde ei enkje på garden. Så sat her folk ut 1600-talet. Men kring hundreårsskiftet vart garden lagt øyde på nytt. Denne gongen vat det Fjellandsbøndene som tok hand om Røo.
Lars Fjelland som bonden heitte, såg mon i skogen på Røo og gav seg til å hogga ut bjelkeemne. Men han gjorde det utan løyve frå klosteret. Klosterlensmannen stemna difor Lars Fjelland for tinget. I mai 1702 vart retten sett på Røo. Tingmennene synfara skogen og takserte uthogginga. Lars vart dømd til dryge bøter.

Garden hadde altså ein del skog ”til Huusernes Reparation og nogen faa Bielcker og Spærer at selge” som det heiter i matrikkelframlegget i 1723. Matrikkelen i 1666 fortel stort sett det same.
Denne første gardsskildringa, frå 1666, fortel ellers at oppsitjaren Jon sådde halvanna tønne korn og avla seks. Han fødde åtte storfe. Åkrane var helst ringe og både enga og fehagen sto tynn. Bonden hadde arbeidsplikt til klosteret.
I 1712 er skildringa kort, men fyndig: ” bruges av Fjellands Opsiddere, hvor på de saar 1 tødne korn og føder 5 Ung Nød og slet intet meere”. Noko sags fiske fants ”Aldelis Intet”.
10 år seinare var garden busett på ny. Nå var avl og foster komme opp at i 1666-nivået. Men sjølve garden er skildra meir positivt: Her er ”temmelig god Jordart, maadelig vis til Koren og skiels let vunden”.

1720-1800: Åkerbruket doblas. Frå leilending til sjøleigar.
Etter at sånad og foster i 1720-åra var komme opp att på 1666-nivået, kom det nå ein tidsbolk med god framgang for garden. Bonden fekk seg hest og åkrane vart auka til det doble. Medan han i 1723 sådde halvanna tønne havre, sådde han tre tønner havre i 1803 og hausta heile 14 tønner. Truleg heng det saman med ei omlegging frå spadebryting til hest og plog. Nå var og poteta kommen til gards. Bonden sådde knapt ei halv tønne av den nye rotfrukta. Ellers held han fem storfe og 10 sauer.
I 1758 selde kongen klostergods på auksjon til oppsitjarane. Men Røssbonden løyste ikkje inn sin gard. I staden vart han kjøpt opp av krigskommisarius Mattias Dahl for 40 dalar eller kring 10 kuverde. Først i 1803 Dahl garden til Røssbonden. Men då var prisen heile 350 dalar eller kring 50 kuverde.

1800 – 1900: Pengekrakket. Bonden rømer og Akselætta kjem.
Plassrydjing og bruksdeling.
Gardskjøpet var kan henda eit økonomisk løft som Røssbøndene hadde vanskar med å bera. Det hadde kravd eit større pengelån som var vanskeleg å verta kvitt. Men det var først då odelsguten Sjur Larsson tok over garden at det gjekk radt ille. For å møte pengevanskane måtte han selja reiskap, buskap og andre lausøyre. Til sist var han kommen opp i ein floke han ikkje såg noka løysing på. Då raska han saman det som var att av lausøyre og reiste frå garden, frå kona og dei seks små borna. Han spurdes aldri meir. Det vart halde auksjon etter Sjur. Garden vart seld til Reinert Reinertsson Stora Brandvikjo, som straks selde han vidare til Aksel Johannesson Fatland (Fjelberg).
Aksel og kona hadde berre tri born, alle jenter. Dei delte garden mellom dei to eldste jentene. Det var i 1847. Den eldste dottera fekk det gamle hovudbruket, medan den nest eldste, Anna Katrine, fekk Stølsvikjo nede ved sjøen. Men det gjekk ikkje lenge før hennar etterkommarar sat med hovudbølet og.
Kring 1866 får me nye tal for fødnad og avl på dei to bruka. Tek me garden under eitt, ser me at produksjonsauken frå førre periode held fram med endå større kraft i denne tidsbolken. Havreutseden auka frå tri til 4 ½ tønne og potetutseden frå knappe halve tønna til 6 ½ tønne. Storfehaldet doblast og småfehaldet tridoblast. Arealoppgåvene viser 10 mål åker og 47 mål naturleg england. Knappe halvdelen er rekna å vera av middels god kvalitet, medan resten var ringt. Men utmarksbeita var knappe for heile garden, særleg for Stølsvikjo som berre hadde nok til femtedelen av buskapen. Røssbøndene måtte leiga beite.
Jamt over låg to tridelar av produksjonen til hovudbruket og resten til Stølsvikjo. Til hovudbruket har me då rekna plasset Bygdaholo. På dette plasset hadde austmannen Ola og kona Unda ein liten åker på eit mål, der dei sådde ei tønne poteter og ei kvart tønne havre. Så hadde han fem mål eng som gav gode 1000 kilo høy. Han held ei ku og seks småfe.
Bygdaholo var ikkje einaste plasset på Røo, heller ikkje det eldste. Alt kring 1813 hadde Jørgen og Elen slått seg ned på plasset Stien nede ved sjøen. Namnet skal viss nok komma av at det sto ein stige opp svaberget ved leilendingsplassen like nedom plasset. Men i dei eldste kjeldene er plasset og kalla Fløyten, eit namn som er heilt borte og gløymt nå.
Jørge og Elen var einaste plassfolka på Stien. Plasset blei skilt ut saman med kringliggjande marker i 1847. Det fekk bruksnummer 1 og ber namnet Stølsvikjo.
I 1835 slo Anders Ersland og kona Sissela seg ned på Treet. Dette plasset må ha lege i utmarka på hovudbruket, der vegane mot Sjånjo og Røo i dag deler seg. Der står ennå rester etter hustuftene. Men det gamle namnet Treet er gløymt. I dag kallar dei det berre Plasset. Det blei lagt ned i 1860, då plassfolka strauk til Amerika.
Bygdaholo var det tredje plasset som blei rydja på Røo. Namnet kjem av at det på sett og vis ligg i ei hole, endå det ligg høgt og fritt, med storfelt utsyn utover Skåneviksfjorden. Gjennom plasset gjekk den gamle bygdaveien.
Etter Ola og Udna festa sonen Nils plasset, og etter Nils kom hans son, Tornelius, Han bur i Bygdaholo i dag. Det var han som fekk skøyte på plasset, først i 1924.
Ho Bergitta, dotter til Ola i Bygdaholo, gifta seg i 1874 med Lars Kristofferson frå Dalen på Landa, Dala-Lars kalla dei han. Dei sette bu her på ein plass under Stølsvikjo,rett nedom Grønebakkjen. Det vart heitande Dala-Lars-plasset og vat i bruk kring 1920, då gjekk det tilbake til Stølsvikjo.
Grønebakkjen var femte og siste plasset på Røo. Det var eit lite stykke, nok til å fø eit par sauer. Torkjel Olai og Anna Katrine Busette seg her, ein gong i 1880 åra. Dei var båe sysken til husbondfolket. Då torkjel var død og enkja og dottera var farne til Amerika, var husmannstida slutt på Grønebakkjen.

Etter 1900: Nye bruksdelingar og nye bruksmåtar.
Same året enkja på Grønebakkjen for til Amerika, i 1899, vart plasset skilt ut og selt til Ingebrigt Kviteberg frå Ølve. Plassnamnet Grønebakkjen vart bytt ut med ”Grønlund” Bruket fekk bnr. 3. Det var eit lite bruk som ikkje kunne gje anna enn attåtarbeid til andre yrke.
I 1924 kom utskiljinga av Bygdaholo, som alt er nemd. På papiret ber bruket namnet ”Øvrebøteigen”, bnr. 4.
Ni år seinare blei siste gardsbruket skilt ut fra hovudbruket. Det var bnr. 5 ”Fredtun” som det heiter i papira, i folketalen berre kalla Røo. Eldste sonen til Aksel og Severine, Olai, sette bu her saman med kona Sesilie. Dei bur her ennå.
Etter 1950 er det skilt ut nokre få hustomter.
Samstundes med gardsdelingane kom det ei gjennomgripande omlegging av drifta, som på dei fleste vestlandsgardane. Frå å vera hovudyrkje gjekk gardsdrifta over til å verta attåptyrke. Litt om senn er gardsdrifta vorten forenkla og spesialisert, frå eit samansett husdyr- og åkerbruk til eit enkelt husdyrhald. Åkerbruket og kuhaldet måtte vika plassen for grasdyrking med saue- og ungfehald, til sist og på hovudbruket.
Eigentleg hadde nok jordbruket aldri vore eineyrke på Røo. Sjøen og fisket må ha vore ei viktig inntektskjelde og ikkje minst matkjelde for Røssfolket, trass i at dei skrivne kjelder teier om det, og til dels nektar det.-
Med lange tradisjonat i skogsdrift og båtbygging og nærleik til skipsverft, fall det naturleg for Røssbøndene å søkja over til snikkar- og båtbyggjararbeid.