Det var den gongen...

Bjørn og Per Ove i Henjo

"Henjo", notahengja i Sjångevågen, var ein populær stad for gutane i grenda på 1960-talet. Ein journalist i Haugesunds Avis var på staden truleg sommaren 1965 og tok dette biletet. Han skulle laga reportasje om dette ferieparadiset i "Sjøvangen", der fleire familiar frå Haugesund hadde og somme framleis har hytte.

Oppe i notahenga t.v. Per Ove Kviteberg, ståande på ein stabel lause stokkar, og Bjørn Bjørgen. 


Dette var før nokon hadde høyrt om HMS, Barnevern, Arbeidstilsyn m.v. Dersom nokon vaksne skulle opp i hengja, fekk borna beskjed om å "peta seg ned".  Kor høg var hengja? Truleg godt over 4 meter lengst ute, rett ned i steinrøysa! 

På fine sommardagar hoppa vi i sjøen frå hengja. Ein måtte ta god fart og passa på å ha skrå bane utetter for ikkje å gå i botn. Og berre på flo sjø!  

I bakgrunnen ligg M/S "Norma", med kjenneteikn H 28 SK, som du kan lesa soga om på denne lenka.