Gamal sykkel fekk nytt liv !

Sykkel 2

Ta deg ein tur i Sportsløypa og sjå denne nydelege retro sykkelen som er kommen på plass ved parkeringsplassen, flott dekorert i rosa og gull av Aud Reidun Solberg ! 

Sykkelen kjem eigentleg frå heimen til Torbjørn J. Bjørgen og har i mange år freista eit heller roleg og nedstøva tilvere i den raude løa på tunet i Stølsvik. Pynta med blomar inspirerer han deg no til ein runde eller tre i løypa!