Ubåtjakta i SKåneviksfjorden 1983

Faksimile fra Aftenposten 2

Helga 29. april - 2. mai 1983 var Skåneviksfjorden i sentrum for verdsnyhenda. Dei fleste store nyhendekanalane hadde den dramatiske ubåtjakta som gjekk føre seg her som toppsak både laurdag og sundag. Fleire truverdige vitne hadde observert ein framand u-båt i Sunnhordland i dagane før. Laurdag 30. april gjekk marinen til storaksjon med fregattar og fly. Den fyrste bomba vart sleppt ved Tømmervika inne på Sjångevågen ved 14-tida på dagen. Ei rekke Ternerakettar vart avfyrt her og litt seinare i Børsdalsvika ved Toftekalven. Jakta held fram til seint frampå søndag kveld.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dette var medan "den kalde krigen" framleis rasa i verda. Augnevitna hadde stort truverde. Få var i tvil om at ein sovjetisk ubåt var på besøk i dei norske fjordane. Spørsmålet mange stilte seg var om det var ein konvensjonell ubåt eller ein atomdriven? Interessa frå norsk og internasjonal presse var enorm. Søndag ettermiddag, 1. mai 1983, då røyk og damp frå eit dusin ternerakettar låg tung over SKånviksfjorden ved Børkjenes, vart underteikna intervjua på direkten av NBC News og NRK. Med direkte utsyn til det som gjekk føre seg kunne vi gje augnevitneskildring av hendingane i fjorden. Interessa for saka vart ikkje mindre då Forsvarets Overkommando ved fleire høve sende ut rapportar om det som skjedde i fjorden som var misvisande og direkte feil i høve til kva journalistar og augenvitne med eigne augo kunne observera. Søndag 1. mai var det reine folkevandringa til dei beste utsiktsplassene, på Ølfarnes, Toftekalven og langs heile Skåneviksstranda. Fjorden var sperra for sivil båttrafikk medan jakta gjekk føre seg. Trass i stor innsats frå fregattar og Orion-fly vart ingen ubåt påvist. Etter kvart vart jakta offisielt avblåsen. Den offisielle forklaringa var at det ikkje var stadfesta at ein framand ubåt verkeleg hadde vore i fjorden.  Dessutan var det truleg mykje jernskrap på fjordbotnen (!) som kunne ha gitt feil utslag på instrumenta.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det vart produsert spaltemeter på spaltemeter med avisreportasjar under og etter den dramatiske helga. Ei bok som kom ut stilte store spørsmålsteikn ved den militære innsatsen frå norsk side. Det vart peika på at ternerakettar og djupvassbomber ikkje var eigna våpen dersom ein verkeleg hadde som mål å tvinga ein framand ubåt opp til overflata. Då måtte ein ha sett inn tyngre skyts, torpedoar. Var det berre ei "på liksom" jakt som gjekk føre seg? Var målet berre å syna Sovjetunionen at dei norske fjordane ikke måtte reknast som trygge tilflukts- og øvingsområde for ubåtar?

Ein fulltreffar med ein torpedo kunna hatt øydeleggjande verknad på ein eventuell ubåt. Korkje norske styresmakter eller våre allierte hadde interesse av at ei mengd daude sovjetiske marinegastar kom flytande opp i ein norsk fjord, med verdspressa til stades på alle nes. Ingen visste kva det ustabile gamalmanns-regimet i Kreml kunne finna på dersom noko slikt skulle skje.  Etter kvart som ettertanken melde seg og Skåneviksfjorden atter fann plassen sin som ein roleg, fredeleg avkrok i utkanten av verda var nok dei fleste glade for at det gjekk som det gjekk

Tømmervika.jpg

Biletet ovanfor, som er tatt midt på dagen laurdag 30. april, ser ein fregatten KNM "Stavanger" utanfor Ålskår, på veg ut mot Toftekalven, der det small att litt seinare på dagen. Ein lokal fiskar er på plass i Tømmervika og plukkar daud fisk som flaut opp etter synkemina som eksploderte.

Høyr, sjå og les meir: 

NRK Reportar Per Ståle Lønning rapporterer direkte på Dagsnytt laurdag 30.april 1983, etter løpande telefonkontakt med artikkelforfattaren, som hadde panorama-utsikt til "Slaget i Skåneviksfjorden".

Illustrasjonane i denne artikkelen er henta frå Aftenposten sitt elektroniske arkiv. Saka dominerte framsida i avisa og s. 4. Du kan lesa Aftenposten frå mandag 2. mai 1983 her.

Innslag i NRK Dagsrevyen 29. april 1983. 

I NRK sin årskavalkade for nyhetsåret 1983 finn du eit innslag om denne saka etter ca 10:38.