Ei tragisk tingferd i Skåneviksfjorden i 1647

Om den gamle tingskipnaden i Sunnhordland:
Kåseri av historikar Anders Haugland på årsmøtet i Kvinnherad Sogelag 2017
Her kan du lesa om då vengebåten med fut, sorenskrivar, tre tenarar og ti roarar gjekk ned med "mann og mus" i Skåneviksfjorden, ein mørk oktoberdag i 1647. Historikaren Anders Haugland, som er forfattaren bak den 6 bind store gards- og ættesoga frå Skånevik Sokn, kåserte forvitneleg om den gamle tingskipnaden i Sunnhordland på årsmøtet i Kvinnherad Sogelag. Me får eit innblikk i eit vesentleg område av levekåra for folket her på dei tider. Les kåseriet på heimesida til Kvinnherad Sogelag
Biletet nedanfor syner omlag kor forliset må ha skjedd. Kanskje litt nærare land, kanskje litt lenger ut i fjorden. Klikk på biletet for å gå til Google Maps