10 år sidan "Heartfelt Country"

RK

Det er i desse dagar 10 år sidan Halsnøy-jenta Randi Karin Rusten fekk gitt ut plata "Heartfelt Country".  Plata ligg på Spotify og har jevnleg lyttarar frå Australia i aust til Amerika i vest og kan spelast på denne lenka.

 

 


Foto: Oda Hveem 2006:  F.v. FinnTore Hellesen, Ole Kronenes, Odd Tollaksvik, Oddgeir Røssland, Jørn Inge Warberg og Finn Halleraker. I framgrunnen Randi Karin Skålevik Rusten. I tillegg er Egil Skjelnes på steelgitar og Øystein Fosshagen på fiolin med på mange av melodiane. Sistnemde er ein sentral musikar i Øystein Sunde si gruppe: "Meget i sløyd".  

Teksten nedanfor er frå pressemeldinga som vart sendt ut.

Platedebutant frå Halsnøy:
”Heartfelt Country” frå Randi Karin Rusten

  - Når ein har drive med song heile livet, vert det sjølvsagt eit høgdepunkt å kunna gje ut eigen CD. Men enno kjekkare er det å oppleva å få svært gode tilbakemeldingar på plata både frå kjende og ukjende. Det varmer. Eg håpar og trur at plata mi vil gleda folk, særleg dei som er glade i god, tradisjonell roots- og countryinspirert musikk, seier Halsnøy-jenta Randi Karin Rusten.

Langt prosjekt
 Vegen ut på marknaden med eiga plate har ikkje berre vore lett for Randi Karin. Tobarnsmora frå Høylandsbygd vart for nokre år sidan råka av MS. Sjukdommen set sine spor i kvardagen. Av og til må tidsfristar endrast og planar leggjast om. Det er ikkje alltid råd å vera med på alt som ein kunne ha lyst til. Omsynet til eiga helse og familien lyt gå føre alt. Randi Karin er difor svært takksam overfor musikarane frå Stord, Bømlo og Kvinnherad  som har vore med henne i plateprosjektet.
  - Det var berre heilt fantastisk å jobba saman med så profesjonelle og tålmodige folk. Sjølv om det gjekk mest eit år frå første gong me var i studio til plata var ferdig, så var det berre oppmuntring og optimisme å høyra frå deira side, heile tida, seier Randi Karin. Ho skamrosar også produsenten Jørn Inge Warberg frå Sunde. Det er han som har miksa plata og i tillegg stått for fleire instrumentale og vokale innslag.
 - Utan at Jørn Inge hadde hatt så stor tru på prosjektet og gjort ein så god job, ville nok ikkje denne plata sett dagsens lys, meiner Randi Karin. Eg kan ikkje sjå for meg ein produsent i Oslo eller Bergen som ville gått inn i prosjektet med like stor entusiasme og energi.

"Heartfelt Country"
  - Det var Per Ove Kviteberg som sette meg i gang med plateprosjektet og heldt styr på alt frå start til slutt, fortel Randi Karin. Eg var ei tid vokalist i bandet "Pearl", der han er primus motor. Han meinte at stemma mi høver svært godt for country-inspirert musikk, og at denne sjangeren ville vera den lettaste å komma inn på marknaden med. Me plukka difor ut eit knippe kjente og meir ukjente country-låtar, med samletittelen "Heartfelt Country".  Ein av songane er skriven av husnesingen Oddgeir Røssland, medan dei andre låtane for det meste er amerikanske coverlåtar. Heile produksjonen er engelskspråkleg og plata er laga slik at ho utan vidare kan seljast i andre land.


  I tillegg til dei lokale musikarane er klassiske country-instrument som steelgitar og fele henta frå musikkmiljøet i Bergen. Steelgitaristen Egil Skjelnes har ei fortid i country-gruppa ”Headin’ West” og har elles medvirka på mykje av countrymusikken som har vore gitt ut i Noreg gjennom mange år.  Bergensaren Øystein Fosshagen er ein anerkjent felespelar, som er mykje nytta som studiomusikar. Han spelar for tida i bandet ”Meget i sløyd”, som i desse dagar gjer stor suksess på Dizzieteateret i Oslo med showet ”Sånn er’e bare” med Øystein Sunde i hovudrolla.


  Oda Hveem, ung, dyktig fortograf, også frå Halsnøy, har teke alle bileta til prosjektet og laga layout for CD-plate, CD-cover og anna marknadsmateriell.