Hinderløypa får kommunalt byggetilskot

Hinderløype

Hinderløype_600x345.png

Me har i dag fått melding om at levekårskomiteen har tildelt Røen og Sjøvangen Vel eit investeringstilskot på 383 000 kroner til Halsnøy Hinderløype!  Dette opnar også for tildeling av spelemidlar når anlegget er ferdigstilt.

- Dette er ein fantastisk dag for oss, som borgar for at me skal kunna reaalisera dette flotte prosjektet, seier Bente Kviteberg, som er leiar i Velforeningen.

- Sportsløypa, som vart opna for 3 år sidan, er framleis utruleg godt besøkt. Til tider, særleg i samband med feriar og fridagar, kan det vera trangt om plassen på parkeringsplassane i området. 

Hinderløypa vert bygd på eit mindre område inne i Sportsløypa, som nærast er skapt for føremålet. Prosjektet vert utforma i nært samarbeid med Kvinnherad Vekstbedrift AS.  Du kan lesa meir om tiltaket på denne lenka og sjå video nedanfor.