Sydnessåta

Det er i prinsippet to ulike vegar til Sydnessåta. Ein kan enten gå opp mot Håfjellet, på austsida av Tjobergshaugen, over høgdedraget mot sør og bestige Såta frå vest. Alternativet er å gå mot Svanevik (Svinavikjo) og opp på Såta frå sør-aust.Eit tredje alternativ er forsåvidt å gå opp på høgdedraget før ein kjem til Svanevik og over til den vestre oppstigingsruta.

Alternativ 1: Forbi Håfjellet og Tjobergshaugen. 

Parker ved Gravdalsvatnet, på Flåto eller nede i Sjånjo. Ta vegen mot Håfjellet. Gå via Håfjellet eller direkte mot Tjodbergshaugen.  På austsida av Tjodbergshaugen går det ein god sti/hjortetrakk mot sør. Pass på å komme opp på høgdedraget mot sør - kjem du for langt mot aust - eller vest - vert terrenget straks meir ulendt å ta seg fram i.  Når du kjem sør til foten av Såta går du mot sør-vest, der stien kryssar den godt opptrakka løypa frå Fatland. Vær merksam på at folk med høgdskrekk kan ha vanskar med å ta seg ned frå Sydnessåta, sjølv om oppturen går greit.