"Plasset" ved Flåto

IMG080_600x450

Dette er husmannsplassen Treet under Røo-garden. Til dagleg vart staden berre kalla Plasset. Heile familien som budde her utvandra til Amerika med fem born i 1860. Etter den tid har det ikkkje budd folk på Plasset. I dag kan ein framleis sjå husmurane som står att (biletet). Like ovanfor er det restar av murar frå eit uthus, truleg eit lite fjøs med plass til ei ku og nokre få sauer.

Plasset vart busett første gong i 1835 av Anders Ersland og Sissela Berge. Dei budde her i vel 10 år. Dette var i ei tid då folketalet var sterkt aukande og det var stor mangel på jord. Dermed vaks talet på husmannsplassar. I 1846 bygsla Lars Mel frå Kvinnherad og kona Ågot Andersdatter Plasset og flytta hit saman med den to år gamle sonen sin Jon i 1847.  Etter målestokken den gong hadde dei helst rimelege vilkår. Lars skulle "slå ein halv spannsteig og ein orteteig slåttemark for året. Han skulle ha rett til beite for ei ku året rundt, men berre vinterbeite for sauene. Til brenne kunne han ta torv i "Blautamyro" og gamle røter han fann i utmarka, om dei ikkje kunne brennast til tjøre."

Etter kvart kom det 4 born til, Anders (f. 1848), Anna (f.1850), Margreta (f. 1854) og Brita (f. 1857). Ser ein på det i dag, må det nærast ha vore "sveltihel" for den vesle familien på Plasset.  Så stauk dei då óg til Amerika med alle borna, i 1860. (Kjelde: Skånevikssoga bind 1).

Ei mager trøyst, kanskje, for svoltne magar, kan det ha vore å gå og drikka vatn i "Lekjesbekken". Denne ligg like vestafor plasset, på toppen av "Flåtabrekko".  Han kjem ned frå berget på austsida av vegen og renn ut i Sjånje-elva. Som namnet tilseier, skulle vatnet i "Lekjesbekken" kunna kurera mange slags sjukdommar. (Kjelde: Munnleg overlevering frå Aksel Røen)

Plasset var ikkje den einaste husmannsplassen her oppe. Tvers overfor, på andre sida av dalen, på nedsida av svingen, var plasset der "Nils i Dalen" budde.  Oppe på sjølve Flåto budde Brynjel. Dette var to av husmannsplassane under Sjøvangen. På Flåto ser ein framleis gropa der huset sto og dørhella. Den andre plassen er det berre litt av murane att på.  Meir om desse seinare.

Er det nokon som kjenner til korleis det gjekk med familien til Lars og Ågot "over there" set me pris på tips.