Slangen i Paradis

Slangen i Paradis

Har du stor angst for slangar, bør du ikkje løfta blikket for høgt når du ferdast i Sportsløypa.  Då risikerer du nemleg å få auge på dette fryktinngytande uhyret av ein vaskekte slange, i fargar som syner at han høyrer til det giftigaste slaget!  Hoggtennene er ute, klare til å sprøyta si dødelege gift inn i ein uskuldig turgåar eller trimmar. Me fortel ikkje kor han held til, det lyt ein finna ut sjølv.

Korleis han er kommen hit?  Vi har ein teori om at han er ala opp heime ved kjøkkenbordet eller i sofakroken hos ein eller annan, truleg nokon med stor skapartrong og god fantasi!  Det er ikkje første gong det dukkar opp skapningar som ber preg av å ikkje høyre heime i den lokale flora eller fauna, sjå berre nedanfor. Både den langstrakte figuren og appelsin-treet må vera unnfanga i godstolen hos nokre kreative, strikkeglade aktivistar.

Vi er svært mange som set stor pris på denne type "oppsøkjande brukskunst"! Kvar gong ein tek rundløypa no, går blikket høgt og lågt for å sjå om enno fleire "raringar" er sett ut.

Fantastisk tiltak, og tusen takk til dei anonyme strikke-aktivistane !

Appelsintre.jpg

Dette "appelsin-tréet" var den første eksotiske kreasjonen som brått hadde slått rot i løypa ein gong i fjor.

Lang rar_837x652.jpg

Litt seinare kom denne lange, rare figuren med så korte bein.  Godt at han stort sett kan halda seg på ein stad heile tida.