Turar med utgangspunkt i Røen og Sjøvangen

Områda på begge sider av Sjångedalen byr på eit flott tur-terreng, enten nede ved sjøen eller meir opp i høgda. Terrenget er delvis vanskeleg, med bratte lier og høge stup, særleg på austsida av dalføret. Dei som ikkje er van med å ferdast "på sjølvstyr" ute i terrenget, kan gjera lurt i å halda seg til merka løyper og opptrakka stiar. Til gjengjeld ventar det mange flotte utsiktspunkt og spesielle naturformasjonar som ein ikkje finn nokon annan stad på Halsnøy.