Svært folksamt i Sportsløypa

P-plassen ofte sprengt!
Besøket i Halsnøy Sportsløype berre aukar og aukar. Både laurdag og søndag var det igjen overfylt på parkeringsplassen, som er dimensjonert for 8 - 9 bilar. Det har vore ein trend gjennom heile året at stadig fleire finn fram til det litt avsideliggjande, men idylliske området i Røo, sør på Halsnøy.
- Det er svært gledeleg at så mange nyttar seg av tilboda i Halsnøy Sportsløype. Det har vore fantastisk mykje folk her heilt sidan starten og besøket berre aukar på, særleg i helgane. Velforeningen kjem no til å ta initiativ til å få tilrettelagt fleire parkeringsplassar. Det er ikkje kjekt å sjå at somme snur og kjører ein annan stad, fordi det er fullt her hos oss, seier Bente Kviteberg, leiar i Røen og Sjøvangen Vel.
- Vi skal også få på plass fleire bord og benker. Ingen skal måtta innta nista si ståande når ein er på tur i området. Vidare vil det komma enno fleire tilbod slik at borna skal kunne boltra seg enno meir i den flotte naturen i løypa.