Strandaksjonen: Halvvegs til målet

Bossaksjon_600x374

Rydjinga av strendene frå Seglberg til Sjøvangen, som vert gjennomført i samarbeid med SIM og Alsaker Fjordbruk, er ferdig med om lag halve strekkja.

I går tok ein for seg dei ytste strendene frå Seglberg og innover.   Det vart samla i alt 55 sekker med plastavfall, pluss ei mengd større gjenstander, som bildekk, plastdunkar, isoporkassar og anna. Ein reknar med at det er om lag like mykje å henta i strendene som ein ikkje nådde over første dagen.  Det vert difor sett opp ein ny aksjonsdag snarast råd.

Nedanfor: Ein gjeng entusiastiske bossplukkarar frå Røen og Sjøvangen Vel samla i Skiftesvik med litt av "fangsten".  

Bossaksjon.jpg