Storvøla rundt Forsamlingshuset

Arbeid ved Forsamlingshuset
No skal området rundet Forsamlingshuset rustast opp. Dette betyr m.a. kanalisering av vatn, oppretting av parkeringsplass og grusing av vegen.

Høgst påkrevde tiltak på eit anlegg der lite og ingenting har vore gjort sidan "Røen Skule" vart reist i 1923. 

Skulen vart nedlagt i 1952. I 1959 vart huset seld frå dåverande Skånevik kommune til oppsitjarane i krinsen for 2 000 kroner. Huset vart pussa opp på dugnad og sett i stand som forsamlingshus, noko som det har vore nytta som etter den tid. Vi arrangerer basarar, juletrefestar og det går føre seg anna møteverksemd i huset. Tidlegare var det eit eige styre for Forsamlingshuset, men dei seinare åra har det vore vedlikehalde og administrert av velforeningen. Huset står på bygsla tomt fram til 2061.

Når prosjektet er ferdig vil vegen vera opprusta og det vert godt med parkeringsplasser rundt huset, der det også vert sett opp nytt gjerde.

Velforeningen har søkt Kvinnherad kommune og private verksemder, bank .mv. om stønad til tiltaket, som får ei kostnadsramme på 90 000 kroner. Ein vonar at Kvinnherad kommune vil dekka 1/3 av kostnaden gjennom byggetilskot til private kulturanlegg. Noko av årsaka til den etter måten høge kostnaden er at det må meislast mykje grøfter for å leia vatnet bort frå vegen.