Soga om M/S "Norma"

Norma

Fiskeskøyta M/S "Norma" var i mange år eit kjent og kjært syn i Sjångevågen på Halsnøy. Kor kom ho ifrå, og kor ho vart av kan du lesa i denne artikkelen, som Lars Ebne i Norsk Motormuseum i Skånevik har sendt oss. Soga om M/S "Norma" er i stor grad  henta frå verket "Rennesøy Fartøyhistorie". Er det nokon som har gode bilete av "Norma" på Sjångevågen vil vi setja pris på å få eit tips om det! 

M/S "NORMA"  på slutten av 1950-talet, då med kjenneteikn R-28-R passerer Avaldsnes på veg nordover i Karmsundet. (Foto: Jenssen.)
 

Reinert og Karl Nordbø i Vikevåg på Rennesøy kjøpte "Norma" frå Sverige i 1938. Mest truleg heitte ho då "Selma" og kom frå Smögen i Sverige.  Der hadde ho fiskerinummer LL.917 og var i eige av ein Birger Andersson.  Ho vart ført inn i fiskeriregisteret for Rennesøy 09/09 1938 og fekk fiskerinummer R-28-R. Der er det oppgitt at skøyta var bygd i Sverige i 1913, byggemateriale var tre, ho var 45 fot lang, 18 fot brei, 8 fot djup og hadde ein 50 hk Skandia motor, produsert i 1933.

 
I 1939-40 gjennomgjekk skøyta ein større reparasjon og vedlikehald. Ho vart kravellbygd frå tidlegare sua hud. Det vart skifta ein del plank m.m. Oppdraget vart utført av Torgeir Mjelkevik på Halsnøy, som med sine folk gjorde eit godt og fint arbeid. Det har også vore nemnt at det vart utført i Vatlandsvågen. Skøyta vart brukt til å frakta poteter til Bergen og til sildefiske om vinteren. Pa sildefiske hadde ho dory* med. Ho var og på vårsildfiske og førte i sommarhalvåret på råstoff til hermetikkindustrien. Denne råstoff-farten heldt Karl på med i mange år.
 
Skandia-motoren vart skifta ut med ein 50 hk Union som var frå 1943. Denne vart skifta ved Vikevåg Slipp. I 1946 kolliderte «Norma» med ein agentbåt tilhøyrande Sømme i Stavanger. Skøyta vart reparert av Hogstad på Riska, og det kom på kr 125,25. Skaden vart dekka av Rennesøy Assuranseselskap.
 
«Norma» vart seld til Kristoffer, Birger, Gustav og Peder 0.Bjørgen i Høylandsbygd pa Halsnøy den 21/05 1958. Ho fekk der fiskerinummer H-28-SK og vart brukt til notaskøyte etter brisling. Om lag på denne tida fekk ho kjenningssignal LNHM. Ein måtte skifta kjølplank i henne etter at eit marinefartøy hadde gått med stor fart, slik at skøyta tok ned i botn og fekk knust kjølen. Reparasjonen vart utfort hos Eldøy Mekaniske Verkstad på Eldøy, Stord. Ho fekk også skifta sylinder på maskinen ved Halleraker & Co i Mælandsvågen. Omlag 1965 fekk ho sett på nye master. Den 09/01 1965 fekk skøyta fiskerinummer H-99-K, etter kommunesamanslåinga.
 
Magne Sjo i Sæbøvik på Halsnøy, kjøpte skøyta 25/05 1973 og nytta ho då framleis som notaskøyte. Men alt 08/11 1974 vart «Norma» stroken frå fiskeriregisteret og seld til Storbritania. Skøyta vart brukt til å tråla etter makrell ved Skottland, Hebridene og i Irskesjøen. Ho var sist sett i Polperro i Sør-England. Vidare lagnad  er ukjend.
 
*Dory er ein mindre hjelpebåt til hovudskøyta.
 
Nedanfor:
M/S "Norma" på Sjångevågen før 1965, med dory'en "Kjell" som var innleigd for sesongen
Norma på Sjångevågen.jpg
 
Norma.jpg