Skimtvis - ein lokal nettstad

Er du ein av dei mange som savnar Innsida.no? Ver merksam på nettstaden Skimtvis.net.

Etter at Kristian Hus avslutta arbeidet med nettstaden innsida.no (seld til Haugesunds Avis og lagd ned) og seinare Husnesnett.no (parkert), kan ein framleis ha glede av pennen til den skriveglade og taleføre gamleredaktøren i "Kvinnheringen" på nettstaden Skimtvis.no.  Her finn ein mange godbitar i form av artiklar, bilete, lyd- og videointervju. Og i motsetnad til andre lokale nettstader som gjerne vert oppdatert dagleg, finn ein på desse nettsidene faktisk noko stoff frå Halsnøy og Fjelbergøyane inniblant. God lesnad !