Skilt på plass i Sportsløypa

Skilt

Det er no sett opp skilt kringom i sportsløypa, slik at nye gjester ikkje skal vera i tvil om kva retning dei skal ta. Biletet er tatt ved rasteplassen på Skarpei, heilt i det sør-vestre hjørna av løypa. Skarpei er namnet på den stupbratte bergknausen som følgjer bekken oppetter Sjøvangedalen (Sjångedalen) på austsida.

Mange uttaler det feilaktig Skarpeid, men det har ingen ting med ordet eid å gjera. Namnet tyder ein kvass bergkant, ein egg, eit ord me kjenner frå mange stader, t.d. Besseggen. Opprinnelsen er det norrøne ordet egg, t.d. egg på ei øks eller sverd.  Ordet stammar frå det urgermanske Agjo, som nettopp tyder "kvass kant" eller "reiser seg". Me kjenner det også att i det engelske ordet edge. Så stadnamnet Skarpei er altså ein kvass eller skarp bergkant som reiser seg. I dette tilfellet ein opptil 50 meter loddrett bergvegg, godt synleg frå både sjø og land. Det er eit reint naturnamn, som difor truleg er temmeleg gamalt.

Litt kuriøst er det at ein i moderne norsk nyttar ordet egg også t.d. i hønsegg, der forma er så ulik ein skarp kant som det kan vera.  Vi får senda saka over til Språkteigen på NRK for utgreiing !

Ein annan artig ting er at bergveggen oppetter Skarpei er pryda av det som kan vera ein av dei største Eføy-plantene i Noreg. Han vart planta her for kring 50 år sidan, av Anny og Einar Landa, som hadde bygd hytta under berget på dei tider. No er øvste toppen av planta i ferd med å krypa over egga på Skarpei!

Stor eføy.jpg