Siste: Vegsaka i strandområdet er anka!

Køyreveg i stranda

Siste: Avgjerda i Jordskifteretten som gav grunneigarane av 203/3 og 203/7 vegrett gjennom stranda langs noverande trasé er no anka til Lagmannsretten! Det er enno ikkje klårt kva tid ho kjem avgjerd. Klikk på biletet for å lesa meir.

Etter mange tiår med usemje om vegrett i området, har Sunnhordland og Haugalandet Jordskifterett slått fast at eigedommane på austsida av bekken har rett til køyreveg fram til eigedommane side, i den traséen som vegen har i dag, som er markert med lilla farge.Jordskiftedommen er klinkande klar på at vegretten som i 1918 vart tildelt bnr. 3, "Nordre bruk" framleis er gyldig og skal forståast som rett til køyreveg fram "Nilsastøo".  Seinare er bnr.7 og bnr 10 skilt ut med same vegrett frå hovudbruket. I tillegg får bnr 3 stadfesta rett til køyreveg opp til sagbrukstomta på austsida av bekken. Vegretten er markert med gul farge, men er avgrensa til tømmerkøyring og anna som naturleg høyrer inn under drift av sagbruk og kvernhus. 

I tillegg vart det oppnådd semje om kor eigedomsgrensa mellom bnr 1 og 3 skal gå på austsida av bekken.

Dommen.jpg