Sherpa-stien til Malmangernuten

Malm1

Nær 600 trinn lagd i steintrapp gjer oppstinga til eit av dei flottaste utsiktspunkta i Kvinnherad mykje lettare.

Kvinnherad har mange fjelltoppar som kan by på eit fantastisk utsyn over vårt vakre fjord- og fjellrike. Malmangernuten i Rosendal er ein av dei finaste i så måte. Etter at ei gruppe steinarbeidarar frå Nepal tidlegare i sommar utbetra eit vanskeleg parti under oppstiginga, er det blitt mykje enklare enn før å nå toppen, 890 m.o.h. Ein tur til Malmangernuten er ei utfording som er overkommeleg for dei fleste som likar å ta seg litt opp i høgda. Ein treng ikkje komme så langt opp i lia før premien, det fantastiske utsynet, melder seg. Er veret klart, vert det berre betre og betre dess høgare opp ein kjem. Les meir på Rosendal.net

Vergudane var ikkje heilt på vår side då me tok turen i midten av august, men desse bileta illustrerer likevel litt av utysynet som møter ein på veg mot nuten.

Malm2.jpg

 

malm3.jpg

Sjå fleire bilete av og frå Malmangernuten, som andre har lagt ut på nettet