Røen og Sjøvangen Skule 1923-1953

Picture1

Historia om ein 100-årsjubilant!

03.03.23

Ved enden av kommunevegen til Røo, sør på Halsnøy, står det eit kvitt, gammalt hus oppi lia. Du straks kjensel på den typiske byggestilen for små grendeskular som det vart bygd hundrevis av i landet vårt på 1800-talet. Det er i år 100 år sidan at "Røen og Sjøvangen Skule* vart reist her, i 1923.

*Lokal uttale og nyare skrivemåte er Røo og Sjånjo {sjån-jo}.

Området Røo og Sjånjo tilhøyrde frå gammalt av to kyrkjesokn og to kommunar. Elva som rann gjennom Sjångedalen var grensa mellom Skånevik og Fjelberg herad. Dei som budde på austsida høyrde til Skånevik herad og Holmedal sokn, medan vestsida høyrde til Fjelberg herad og sokna til kyrkja på Fjelbergøy.  Det var omgangskule i krinsen fram til tidleg på 1920-talet, då planar om eige skulehus vaks fram. Skulehuset i Matre, ei lita tømmerstove på om lag 5,5 x 5,5 meter innvendes, var blitt for lite. Skånevik heradstyre vedtok å byggja ny skule i Matre. Samstundes gjekk ein inn for at ein i samarbeid med Fjelberg herad skulle flytta det gamle skulehuset til Røo og etablera fast skule her.

Slik vart det. Tømra vart merka, tatt ned, frakta til Stølsvik-berget og reist opp att på «Rikardsplasset», i Ørelio (eller berre Lio, som ein seier i dag). Her vart det lagt til rette med høg, ny grunnmur på berggrunn. Utanom sjølve skulestova vart det laga eit heilt nytt tilbygg med plass til gang, eit lite kjøken på knapt 7 kvm og lærarrom på rundt 9 kvm. Det vart lagt nytt tak med lappskifer, og på loftet vart det plass til to soverom. Så vart det sett inn nye vindaugo og lagt ny bordkledning omkring det heile. Det er å merka seg at det korkje då eller ikkje seinare vart lagt vatn inn i bygget. På tradisjonelt vis vart det sett opp ein vedaskut med utedo like i nærleiken.

Det var ei storhending Røen og Sjøvangen skule vart opna i 1923.  Det ser vi av serviset med inskripsjon som det enno er fleire mugger, koppar og fat att av.  Trueg var ordføraren i minst ein av kommunane, kanskje begge til stades.  Krisnen var veglaus, så frå Sæbøvik måtte ein ta seg fram på stiar gjennom skogen.  Frå Skånevik var det robåt over fjorden.  

Skulehuset vart tatt i bruk for alle borna på tinn 1 – 7 frå gardane i Røo, Bjørgjo og Toftekalven i Skånevik herad. I tillegg kom gardane Sjånjo og Svinavik i Fjelberg herad. Bilete frå tidleg på 1930-talet syner at det var 11 born på skulen på det meste. 
 

Reisinga av eit felles skulebygg for ein del av Fjelberg og Skånevik kommune var eit tidleg, interkommunalt samarbeidsprosjekt. Skule og veg var dei to viktigaste lokalpolitiske saksområda den gongen. Å gå saman på dennemåten var spenstig den gong. I dag hadde det kanskje vore uhøyrt!? 

Frå starten av var det omlag 10 born i skulen her. Den første læraren var Andreas L. Aanderaa frå Bømlo. Han var student, som det heitte, dvs. at han hadde gått gymnas, men var ikkje utdanna lærar.  Medan han styrte skulen, budde han på eit loftsrom i nabolaget, der han hadde kost og losji. Etter eit skuleår i Røo, drog han bort for å ta lærarutdanning. Seinare kom Aanderaa'en attande til Halsnøy, der han i ein mannsalder var ein respektert og avhalden skulemeister ved Hauge Skule i Høylandsbygd. Han var ein svært sentral person i den lokale motstandskapen mot tyskarane under 2. verdskrigen. 

Elevane tidleg på 1930-talet. 1- rekkja f.v.: Aslaug Sjøvangen, Borghild Bjørgen, Gunnbjørg Bjørgen, Martha Røen. 2. rekkja: Halldor Njøs, Aksel Røen. Alfred Skålnes. Bakre rekkja: Konrad Røen, Erling Njøs, Trygve Bjørgen, Olaf Skålnes.  Lærar er Andreas Eide. Innringa er Borghild Paulsen, Skånevik, (104 år) den einast attlevande (2023) i denne generasjonen.

 

Borna gjekk på skulen her tre dagar i veka, seinare fem.  Det var fattigslege kår for dei aller fleste av borna i krinsen. Dei som hadde råd til det, gjekk i tresko. Det var ikkje vanleg å få lærsko før ein sto konfirmant. Men ikkje alle hadde råd korkje til vanlege sko eller tresko. Borna som budde i Bjørgjo ei tid i mellomkrigsåra, kunne komma barbeinte til skulen, gåande gjennom skogen.  Frå Toftekalven kom borna roande, sameleis frå Svinavikjo. Veglaust var det på begger gardane, men frå Svinavik kunne ein gå på sti gjennom skogen når vind og ver ikkje gjorde det forsvarleg å ta robåten. 

 

Ut på 1930-talet var det ikkje fleire born att i Krinsen og skulen vart innstilt. I 1950 - 1953 var det igjen skule eit par år, før skulen endeleg vart lagt ned i 1953, 30 år etter den storstilte opninga. Bjørg Lien frå Ytre Matre vart den siste læraren. Ho gifte seg med Birger Bjørgen frå nabogarden til skulen. Dei bygde hus like ved og fekk etter kvart fem born saman. Bjørg tok i vaksen alder lærarutdanning ved lærarskulen på Stord. Skulestova vart ståande slik ho var, men kjøkenet og kammerset innanfor og dei to romma på loftet, vart leigde ut til Ågot og Kristoffer Røen. Her vaks dei 4 sønene deira opp. Trangbudd, utan innlagt vatn eller toalett, som vanleg var i utkantane på landsbygda i dei dagar.

Då denne familien bygde seg hus i Høylandsbygd, vart skulestova ståande tom. Då gjekk oppsitjarane i krinsen saman om å etablera Røen og Sjøvangen Forsamlingshus. Skånevik Kommune selde huset for 2000 kroner, som laget fekk låna i Skånevik Privatbank. Det vart gjort avtale med grunneigaren om festerett på tomta i 99 år. Etter kvart fekk ein sett huset i noko betre stand med maling, tapet, golvbelegg mm, slik standarden var på den tida.  

 

I 1990 vart bruksretten til huset overtatt av Røen og Sjøvangen Velforening, det einast aktive laget i krinsen.   I 2010 vart det gjort eit omfattande arbeid med å drenera og kanalisera vatn, rusta opp vegen og laga parkeringsplass. Laget fekk den gongen ei større pengegåve frå Kvinnheradstiftinga til arbeidet.

Huset har  gjennom meir enn 60 år vore mykje nytta av fastbuande, hyttefolk og tilreisande gjester. På 1960-talet var det mest som forsamlinghus, med tilreisande emisærar som samla folket til andakt og bøn. Juletrefest i romjula har vore ein tradisjon nærast i alle år.  Dei siste tiåra har blitt arrangert vår- og haustbasar kvart år, med unntak av dei to pandemiåra. Desse tilskipingane trekkjer gjester frå heile øya og meir til.

Skulehuset fungerer óg som eit lite og svært beskjedent «superlokalt museum», der tilreisande turgrupper får omvising og høyra om huset og grenda si historie. På 1970- og -80 talet var det ungdomsklubb i huset i regi av Ungdommens Røde Kors. Etter kvart som barnetalet i krinsen gjekk ned, fall slike aktivitetar bort av naturlege grunnar. 

Nokre gjenstander frå den tid huset var i bruk som skule. På hylla: Den gamle val-urna. Ymse volum-mål for å læra borna om desiliter og liter. 

Huset har stått utan å vera i bruk gjennom to pandemi-år. No startar vi opp att med Vår- og Haustbasar i tradisjonell stil, og det vert garantert Juletrefest i desember. Men, og det er eit stor men:  Huset treng sterkt til reparasjon og opp-pussing.  Det er sett i gang ain aksjon for å freista å skaffa midlar til naudsynt arbeid som kan stoppa forfallet av huset og gjera det enno meir triveleg med arrangement der. Vi takkar alle som er med og støttar arbeidet vårt.

 Vipps gjerne di gåve til telefon-nr 88805 Røen og Sjøvangen Velforening eller vår bankkonto 3540 05 05428.