Opningsfest for småbåthavn laurdag 16. juni

Kilen 1

Irene, Torbjørn, Bente og Per Ove inviterer til opningsfest på den nye bryggja i Kilen laurdag 16. juni frå kl. 15 og utetter.

Det vert leikar for små og store, lett underhaldning, musikk, utlodning. Me serverer vår berømte fiskesuppe m/brød, enkel grillmat, saft, kaffi og kaker.

Alle våre gode venner med eventuell barn, barnebarn, oldebarn osv. er hjarteleg velkomne.  Dette skal også vere ein fest for "venners venner", så inviter gjerne med venner som har lyst til å kome. 

Ta med badekle, varmt tøy til kvelden (regntøy om naudsynt) og elles det du treng for ein hyggeleg ettermiddag og kveld i godt lag. Me har rikeleg med bord og benker, men vil du sitje ekstra godt kan du ta med eigen campingstol.

Det er greitt å kunne vite omlag kor mange som kjem, så meld frå til Irene/Torbjørn tlf. 534 77 273 / 41 69 75 04 eller Bente/Per Ove tlf 534 77 109 / 40 40 07 56 eller 59 innan laurdag 9. juni.