"Nils'n i Dalen" og andre husannsfolk i Sjøvangen

Husmannsplassen i "Dalen

Frå 1600-talet og frametter vart det meir og meir mangel på jord og buplasser i landet vårt.  Mange fekk leiga ein liten teig på ein gard til å setja opp eit lite hus, oftast med litt jord attåt. Somme husmannsplassar kunne også ha ei lta løe eller eit uthus.  Desse eigedomslause vart kalla husmenn. Denne  gruppa var i sterk vekst fram til midten på 1800-talet, då utvandinga til Amerika etter kvart skaut fart og letta trykket i bondesamfunnet. Husmannsfolk i Sjøvangen var mellom dei aller første som gjorde oppbrot i tru og von om eit nytt liv på andre sida av Atlanterhavet. (Meir om det ein annan gong)

I Røen og Sjøvangenområdet var det mange husmannsplassar, lengst oppe i Sjøvangedalen var det heile tre stykke på eit lite område. Ein høyrde til Røo garden og er omtalt i dette stykket. Dei to andre leigde (festa) av garden i Sjøvangen. Den eine heitte berre "Dalen". Ein kan enno såvidt sjå restane av husmurane på nedsida av vegen, omlag midtvegs opp i brekka. Eit anna heitte "Flåto" og låg, som namnet tilseier, litt lenger oppe på flaten, tett inn under berget på vestsida av bakken. For å finna ut kven som budde her oppe i dalen, må me ta turen utetter sjøen på vestsida av Vågen, til husmannsplassen "Seljehaugen", der murane framleis er godt synlege på Hansahaugen, ovanfor Hansavika.

11 born i "Seljehaugen"

Bård Hansson er den første husmannen me kjenner til i "Seljehaugen". Han var gift med Sissel Haldorsdotter og fekk 9 born med henne, frå 1815 og utetter. Men i 1841 døydde ho, yngstebarnet var då berre 5 år, eldsteguten, Hans, var 26.  Ikkje lenge etter gifte Bård seg omatt med Marta Sjursdotter Kolbeinshaug frå Bømlo, og då kom det enno to born til i "Seljehaugen", i 1844 og 1846. Men året etter ramma tragedien dei igjen, då faren Bård drukna og let etter seg si andre kone og 11 born!  Etter det me kan lesa av Fjelbergsoga, vaks alle borna opp og vart spreidde vide omkring. Eldsteguten, Hans tok over Seljehaugen.

 

"Flåto"

Mor deira, Marta vart gift omatt, og flytta i 1850 til husmannsplassen på "Flåto" der ho iallfall fekk 3 born, alle jenter, med den nye ektemannen Lars Akselsson Eide. Han hadde fått feste på dette plasset same året. Seinare var det ein husmann frå Gravdal, Brynjel Gjertsson Gravdal, som leigde denne teigen. Han var driftig, og vart jordeigar då han fekk kjøpa husmannsplassen som han festa i Gravdal i 1913. Han budde visstnok aldri på "Flåto", men slo graset der og bar det på ryggen til Gravdalsvatnet, der han tok det i båt og rodde med det over vatnet før han bar det heim til Gravdal. Plasset vart kalla Brynjelsplasset.

 

Nils'n i Dalen

Det budde truleg ikke husmenn på plasset i "Dalen" i så mange generasjonar. Men i 1864 kom Marta sin bror, Nils Sjurson frå Bømlo hit og fekk feste. I tillegg fekk han ha båtstø og nausttomt heilt i nordenden av Sjøvangevågen. Der heiter det den dag i dag, Nilsastøo, oppkalla etter "Nils'en i Dalen, som han gjekk for.  Nils døydde i 1904. Då hadde han vore gift to gonger, først med Valborg Sjursdotter, deretter med  Brita Halvorsdotter frå Åkra. Med desse fekk han 7 born (Av Fjelbergsoga kan me ikkje lesa korleis fordelinga var). Det vi veit, er at minst to av dei drog til Amerika.  Kari, f.1865, vart gift med Hans Bjelland, men drog til (slekt i) USA då mannen var borte. Det vart fortald at ho var svært stolt då ho fekk helsing frå president Lyndon B. Johnson på hundreårsdagen sin i 1965. Om ein av dei yngre brørne hennar vart det fortalt at han pla stilla seg på toppen av den høgaste steinen ved "Stemmesteinane" nede i dalen. Her held han tale og song med høg røyst når han trudde han var åleine. Då han vart spurd av folk i grenda om kva han heldt på med, vart svaret at når han vart vaksen, skulle han til Amerika og verta prest! Og draumen gjekk i oppfylling for guten, han kom seg over og han vart prest. 

 Les meir om Husmannsvesenet i Norgeshistorie

 

Husmannsplassen på Flåto
Husmannsplassen på "Flåto", ligg inn mot fjellsida.