Mykje folk i Sportsløypa gjennom haustferien

Mykje besøk i Sportsløypa

Det har vore tett med bilar og masse folk i løypa denne siste veka, frå tidleg på føremiddagen til langt ut mot kvelden. Dette biletet er tatt kl. 17 søndag 11. oktober, då det framleis sto 8 bilar att på dei to parkeringsplassane. Truleg har det vore rundt 150 bilar og opp mot 500 menneske i løypa denne veka. 

Unge og eldre i "skjønn forening", og mange barnefamiliar. Det gode veret gjennom mest heile veka har trekt ekstra mange ut i naturen.

Det har vore ein trend gjennom heile året at stadig fleire finn fram til det litt avsideliggjande, men idylliske området i Røo, sør på Halsnøy. Sportsløypa er svært lett tilgjengeleg, både for rørslehemma og om ein har med seg barnevogn. 

Sjå kart over området