Muren i bekken er reparert !

IMG078_550x413

I byrjinga av april var Arne-Helge Ommer på plass med gravemaskin og fekk sett fint i stand muren i bekken ved sjøen. Det var overflatevatn frå Kleivo som hadde grove ut fyllmassen bak steinane og fått muren til å rase delvis saman for nokre år sidan.

Samstundes vart det pynta litt opp i skråninga og laga ei betre grøft for å få ut overflatevatn, slik at det ikkje renn ut i vegen. Til siste vart det lagt eit lag med grus på austsida av bekken, der det har vore vanekselg å komma seg turrskodd forbi på regnversdagar.