Mobildekning i heile Kvarven

Mobile phone
Før sommaren 2012 vil området Røen og Sjøvangen krins ha fått mobildekning.

Det er to stader i Kvinnherad som har særs dårleg dekning for mobiltelefon, Matredalen og Røen/Sjøvangen området.  Takka vere dei såkalla Høykom-midlane som Stortinget har stilt til rådvelde for utbygging av breiband og mobilnett i utkant-Noreg, vil dette snart komma seg.  Hordaland fylkeskommune har i haust løyvd vel 1.1 mill kroner av dei såkalla Høykommidlane og Kvinnherad kommune på si side har løyvd nær 600 000 kroner. For desse pengane vil det verta sett opp signalforsterkarar for mobiltelefoni (mobilmaster) i desse områda.

Tiltaket vert lyst ut på anbod, og det er difor usikkert om det er Telenor eller Netcom som vil få tilslaget.  I vilkåra er det sagt at prosjekta skal vera fullførte innan 1. mai 2012, men med såpass kort utlysingsfrist så kan det vel skje at ein lyt gå noko "på overtid" før alt er ferdig.  Men at det vil vera dekninig i lufta her innan kommande sommar er ganske sikkert.

På biletet ser me ein tidlegare så illsint hytte-eigar. No vil han endeleg kunna ringa og teksta ut frå området og ta i mot inngåande samtalar og meldingar. Det går mot nye tider i Sjångedalen, folkens !