Mobildekning først våren 2013

Mobile phone
Mangel på pengar, utstyr og entrepenørar seinkar oppføringa av signalforsterkar for mobilnettet i området.

Etter det prosjektleiar Arvid Huse i Kvinnherad opplyser, er det berre Telenor som har gitt inn anbod på dei to signalforsterkarane som Kvinnherad kommune har vedtatt skal setjast opp, ein i Stølsvik og ein i Hegglandsdalen i Matre. Prosjekta er delfinansiert med "Høykom-midlar" frå staten, som Hordaland fylkeskommune fordeler.

Då anbodsfristen var gått ut var det berre Telenor som hadde levert pris, som låg noko over dei midlane ein har til rådvelde.  Men etter å ha gjennomført eit forhandlingsmøte har kommunen god von om at prisen kan komma ned. Telenor har no frist til 31. mai med å senda inn nytt anbod. Dersom kostnaden ikkje kjem vert dekka av dei midlane ein har til rådvelde frå  fylket og kommunen, lyt saka opp til ny politisk handsaming. Då kan det verta ytterlegare utsetjing.

Det som elt er klart, et at det truleg ikkje vil verta arbeid i marka før over årsskiftet. Det er mangel både på utstyr og entrepenørkapasitet på dette området.  I beste fall snakkar ein om fullføring i løpet av 1. kvartal 2013. Så alle som ventar på skikkeleg mobildekning i området lyt smørja seg med tolsemd enno ei stund.  Men som det vert sagt: Dei ventar ikkje  til fånyttes, dei som ventar på noko godt!