Lokalfilm, ei kulturhistorisk skattekiste!

Kolerakyrkjegarden

Flott kortfilm om "kolera-kyrkjegarden" i Sjøvangen

Saman med filmskaparen Merethe Offerdal Tveit, lærarane Ada Irgens Normann og Greger Våge,  har klasse 7a og 7b ved Halsnøy skule laga ein kortfilm om då koleraepidemien kom til Halsnøy i 1849. Sjå filmen på denne lenka. Dette er den førebels siste i ei samling lokalhistoriske kortfilmar som denne Kvinnheradjenta har bygd opp nærast i det stille. Nettstaden for samlinga, Lokalfilm, er blitt ei skattkiste som dokumenterer ulike tema frå den nære historia i bygdene våre.

Filmane, som varer frå nokre få minutt til opp i over 10 minutt, er produsert saman med dei ulike skulane i kommunen. Elevane deltek på ulike måtar i produksjonen, også som skodespelarar og opplesarar, i tillegg til at dei har intervjua ressurspersonar som sit inne med med lokalkunnskap. Mellom dei mange emna som er dokumentert er "Dronningbesøket" i Ølve på slutten av 1800-talet, "Postvegen" langs Sandvoll, "Krigsåra" på Sunde, soga om "Gurine" i Rosendal og "Radiohola" i Høylandsbygd, berre for å nemna nokre.  Her er det berre å gle seg, både over innsatsen av skuleelevane og ikkje minst delikat kortfilmkunst signert Merethe Offerdal.

Gjennom kulturavdelinga i kommunen er det gitt støtte frå "European Heritage Days", som eitt av ti prosjekt i Europa. Prosjektet er òg støtta av Den kulturelle skulesekken. Produksjonen vert gjennomført som eit lokalhistorisk filmkurs, i hovudsak i lag med sjuande trinn på skulane i kommunen. Gå til nettstaden Lokalfilm

Klikk her for å lesa meir om Kolerakyrkjegarden i Svortevik, henta frå Morten Nygård si bok om "Kjært er minnet", om kyrkjegardane i Kvinnherad.