Kolerakyrkjegarden i Svortevik

Frå boka "Kjært er minnet", kyrkjegardane i Kvinnherad bind I.
I 2018 hadde journalist Morten Nygård ein artikkelserie i lokalavisa "Grenda", der han skildrar kyrkjegardane i Kvinnherad i tekst og bilete. No er artiklane samla og gitt ut i ei flott, rikt illustrert bok med tittelen "Kjært er minnet", med undertittel: Små og store soger frå kyrkjegardane i Kvinnherad. Forfattaren omtalar sjølv verket sitt slik: Boka tek for seg ein del historiske fakta om bygdene, kyrkjene og kyrkjegardane, men det viktigaste er å fortelja om nokon av dei mange tusen som ligg gravlagde der. Her kan du bli litt meir kjend med folk som levde uvanlege liv, folk som døydde i tragediar, folk som sette spor etter seg, folk som levde nøysame liv, og folk som ofra alt for landet sin fridom.
Kolerakyrkjegarden i Svortevik, sørom garden Sjøvangen på Halsnøy, har fått 14 sider omtale i boka. Heile den soga kan du lesa nedanfor. Boka er gitt ut på Grenda AS forlag og er den første av to bind. "Kjært er minnet" er til sals hos bokhandlarane i Kvinnherad. Ei flott bok, og ei fin gåve, som mange vil setja pris på å eiga! Klikk på biletet eller overskrifta for å lesa heile artikkelen om kolerakyrkjegarden i Sjøvangen.
Du kan laste ned eit enkelt turkart på denne lenka. Det må påreknast 1 time for rundturen, og vasstett fottøy er sterkt anbefalt! Sjå Norgeskart.no for fleire opplysningar om terrenget.