Kjærkome tilskot til Helsesportløypa

Kvinnherad kommune har gjeve melding om at Helsesportløypa er kvalifisert for kommunalt byggetilskot på i alt 179 500 kroner! 48 000 kroner av dette er alt løyvd og vert utbetalt i desse dagar.
Saman med eigenkapital og lån, inneber dette vedtaket at arbeidet som er planlagt utført i år, tilrettelegging og grusing av løypa frå parkeringsplassen og fram til Skarpeid, iallfall kan setjast i gang, sjølv om det manglar mykje på endeleg finansiering.
Det er det statlege tiltaket med 2015 som "Friluftslivets år" som gjer at Kvinnherad kommune har funne å prioritera Halsnøy Helsesportløype i Røen og Sjøvangen området. I prosjektet skal det opparbeidast parkeringsplass og etablerast ein grusa turveg på 1250 meter.
I vurderinga av søknaden skriv kommunen følgjande: "2015 er friluftslivets år og Kvinnherad kommune har vedteke å vera ein "Friluftslivets år" kommune. Det inneber ei ekstra satsing og synleggjering av friluftslivstiltak. Helsesportløypa er eit ope friluftslivstiltak tilrettelagt for barnefamiliar og rørslehemma. Tilrådinga er at av nye søknader i 2015 bør denne søknaden prioriterast."
Dette var Formannskapet samde i og løyvde på møtet den 8. april 2015 altså 48 000 kroner til tiltaket, med opning for å søkja om restsummen på 131 500 innan ramma ved neste utlysing av kommunalt byggetilskot til hausten.
Det er sjølvsagt ein stor inspirasjon i arbeidet med å realisera planane våre at prosjektet vert anerkjent på denne måten.Vi vil difor retta ei stor takk til Formannskapet som gjorde dette flotte vedtaket.