Kjærkome tilskot til Helsesportløypa

Løype oversiktsbilete

Kvinnherad kommune har gjeve melding om at Helsesportløypa er kvalifisert for kommunalt byggetilskot på i alt 179 500 kroner!  48 000 kroner av dette er alt løyvd og vert utbetalt i desse dagar.

Saman med eigenkapital og lån, inneber dette vedtaket at arbeidet som er planlagt utført i år, tilrettelegging og grusing av løypa frå parkeringsplassen og fram til Skarpeid, iallfall kan setjast i gang, sjølv om det manglar mykje på endeleg finansiering.

Det er det statlege tiltaket med 2015 som "Friluftslivets år" som gjer at Kvinnherad kommune har funne å prioritera Halsnøy Helsesportløype i Røen og Sjøvangen området.  I prosjektet skal det opparbeidast parkeringsplass og etablerast ein grusa turveg på 1250 meter. 

I vurderinga av søknaden skriv kommunen følgjande: "2015 er friluftslivets år og Kvinnherad kommune har vedteke å vera ein "Friluftslivets år" kommune.  Det inneber ei ekstra satsing og synleggjering av friluftslivstiltak.   Helsesportløypa er eit ope friluftslivstiltak tilrettelagt for barnefamiliar og rørslehemma. Tilrådinga er at av nye søknader i 2015 bør denne søknaden prioriterast."

Dette var Formannskapet samde i og løyvde på møtet den 8. april 2015 altså 48 000 kroner til tiltaket, med opning for å søkja om restsummen på 131 500 innan ramma ved neste utlysing av kommunalt byggetilskot til hausten.

Det er sjølvsagt ein stor inspirasjon i arbeidet med å realisera planane våre at prosjektet vert anerkjent på denne måten.Vi vil difor retta ei stor takk til Formannskapet som gjorde dette flotte vedtaket.

Løype oversiktsbilete_550x279.jpg

Løype oversiktsbilete frå sør_550x283.jpg

Løypetrase_550x273.jpg

Sjå planteikning