Juletrefest 2009

Juletregang

Vår årlege juletrefest gjekk av stablen søndag 27. desember kl. 18, med tradisjonelt program: Juletregang, opplesing av Jostein Rusten, song av dei yngste og ikkje minst god mat med noko attåt. Grunna svært store snømengder, var det i år ikkje råd å gå i skogen og finna juletre.  For første gong i historia måtte ein ta til takke med plastjuletre.  Eit nederlag, kanskje - men det la ingen dempar på stemninga.

Det var godt besøk på juletrefesten, men eit nyttig innspel frå puplikum kom om at ein må starta litt tidlegare, slik at det passar betre for dei med heilt små born.  Dessutan må plakatar og invitasjonar koma opp i god tid på førehand.

Klikk her for å sjå fleire bilete frå festen.