Juletrefest 2. juledag

nissen_550x666

Det vert juletrefest i gammal stil mandag 2. juledag kl. 16.

Det vert opplesing, juletresong og sjølvsagt gang rundt juletréet for store og små.  Alle har med litt smørbrød og kaffigodt og det vert raud julebrus til borna. Tradisjonen tru vert det plass til ei lita utlodning. Og det skulle undra oss mykje om ikkje nissen kjem i år óg, med ein liten forundringspakke til dei minste, slik han trufast har gjort det i alle år !

På biletet ser me den lokale nissen i sving på ein tidlegare juletrefest.