Ikkje greitt å vera husmann:

Ei soge frå Bjørgjo for vel 250 år sidan!

Halstein, f. i Bjørgjo og husmann i Klubben, var så uheldig at han kom i klammeri med presten. Henrik Celius. Tretta tok til etter at kona Guro hadde fødd det andre barnet, i 1757. Då ho søkte kyrkje første gongen etter fødselen, skulle presten etter gammal skikk leia henne inn kyrkja. Men presten tok seg betalt for slikt, så alt for mykje, tykte Halstein. Hatt ville pruta med presten, men til fånyttes. Då vart han fortvila og oppskaka, laga oppstyr i kyrkja og leidde til sist inn kona si sjøl. Presten tok det ille opp og stemna han for tinget. Han synte så visst ingen nåde for den utfattige mannen. Då han ingen pengar hadde til å betala bøtene med, kravde presten kroppsleg avstraffing. Men det enda med utpanting av det vesle han åtte. Seinare stemna presten han på nytt. På vegne av fattigkommisjonen skulle han ha slutt på at Halstein dreiv bygdene rundt og tigga.

Les heile soga om folket i Bjørgjo i denne artikkelen