Haustbasaren 2020 AVLYST!

anders haugland

Forfattaren bak "Skåneviksoga", Anders Haugland kjem til vårbasaren i staden!

På grunn av innstamminga av smittevernreglane, vert det ikkje råd å avvikla den årlege haustbasaren som planlagt.  Me vonar at situasjonen snart vil normalisera seg og ønskjer alle ivrige basargjester hjarteleg velkomne til den årlege Vårbasaren som vert i byrjinga av mai 2021.  Som de veit, måtte denne også avlysast i 2020. Vi kjem attende med ny dato seinare. 

Anders Haugland frå Ølensvåg, lokalhistorikaren som har skrive gards- og ættesoga frå gamle Skånevik kommune har lova å komma til vårbasaren neste år for å kåsera fortelja om "laust og fast" frå gamle Skånevik herad. Mange kjenner til at kommunegrensa gjekk i elva som renn nedetter Sjøvangen; i Høylandbygd var det bekken mellom gardane Skato og Hillestad som utgjorde skiljet. 

Som bygdebokforfattar har Anders Haugland plukka opp mang ei historie frå farne tider. Han er ein god forteljar, som det er vel verdt å høyra på!