Grillhytte på plass i Sportsløypa

Ungt initiativ i arbeid 2

Velkommen til eit nytt, flott turmål i Halsnøy Sportsløype.

Takka vera ein hektisk innspurt av gruppa "Ung Meistring", kunne me tysdag for eit par veker sidan invitera til kranseskål på den nye grillhytta i turløypa. På biletet ser me ein del av gruppa og arbeidsleiarane som kosar seg med pizza laga av Dill under kranselaget.

Gruppa har arbeidd sidan tidleg i haust med tiltaket. Tømmeret er henta ut i skogen like ved og frakta til Fatland skule, der grillhytta vart laga som byggesett, som så vart frakta attende og sett opp ved leikeplassen.  Alt arbeidet er ikkje ferdig enno, men det er råd å ta grillhytta i bruk om ein vil ut på "luftetur" i romjula. Alle er hjarteleg velkomne i løypa, sjølv om ikkje vermeldingane er dei aller beste for dagane frametter. Men nett då kan det vera godt å ha ei grillhytte som dette å søkja ly i.

 

Flott innsats av "Ung Meistring"

 

Det er laga mellombels sitjeplasser inne i hytta, der det etter kvart skal komma benker og bord. Bålpanne, rist og kaffikjele er på plass.  Vil ein grilla pølser el. lign. er det lurt å ta med ein pose med tørr ved.

Grillhytta er i hovudsak finansiert av Velforeningen, men gruppa har fått tilskot frå både Lions på Halsnøy og Sparebanken Vest til ymse driftsutstyr. NAV og Kvinnherad kommune stiller med arbeidsleiarar. "Ung Meistring" har som føremål å gje ungdom både arbeidstrening og utvikla sosial dugleik.  På alle måtar eit kjempeflott tiltak, som har ordreboka full med positive nærmiljøtiltak dei skal ta fatt i andre stader i kommunen frametter.

 

Grillhytta julaftan 2016_1600x900.jpg