Første byggetrinn av Halsnøy Sportsløype opna

Opning

Rullestolbrukar Nils Magne Kloster fekk æra av å bryta snora og dermed markera den offisielle opninga av Halsnøy Sportsløype. (Tekst og foto: "Kvinnheringen")

 

Nils Magne Kloster fekk æra av å opna den 1,3 kilometer lange Halsnøy Sportsløype.

Nils Magne Kloster fekk æra av å opna den 1,3 kilometer lange Halsnøy Sportsløype.

Draumen som dukka opp hos nokre eldsjeler i Røen og Sjøvangen Velforening for seks år sidan, er blitt til ein realitet. Det er to år sidan det første spadetaket vart tatt, for det som i dag fram-står som ei flott sportsløype som er tilrettelagt for rullestolbrukarar.

– Dette er ein utkant, men i dag er det mykje folk her, sa leiaren i Røen og Sjøvangen Velforening, Bente Kviteberg, under opninga på laurdag.

Det var mange som hylla den fantastiske dugnadsinnsatsen som er utført av nokre få eldsjeler i løpet av desse to åra.

– Eg er mektig imponert, var ein uttale som gjekk igjen hos folk Kvinnheringen møtte på ute i den 1,3 kilometer lange gruslagde sportsløypa som snor seg gjennom lett kupert terreng i vakker natur i Stølsvikmarka. Perfekt for folk i alle aldrar, friske og rørslehemma.

– Håpar dette kan bli ein sosial møteplass både for fastbuande og hyttegjester. Dette er eit prosjekt som fell rett inn i eit satsingsområde som Kvinnherad kommune har. Det er imponerande å koma ut her og sjå kva nokre eldsjeler har fått til, sa påtroppande kultursjef, Linda Øen.

– Vi er storlegen imponert, sa Frøydis Fjellhaugen, styremedlem i Kvinnheradstiftinga.

Både stiftinga og Kvinnherad kommune har vore blant dei viktige bi-dragsytarane til prosjektet.

– Dette er eit kjempeflott prosjekt. Det er imponerande det dei har laga til her. Eg kjenner ikkje til liknande prosjekt i Kvinnherad som er lagt så flott til rette for rullestolbrukarar. Eg håpar alle kvinnheringar og andre kjenner si besøkstid og vil bruka løypa. Dette må jo vera det perfekte turmålet for ein sundagstur, seier Nils Magne Kloster til Kvinnheringen.

Langs løypa er det flotte rasteplassar med bord og benker. Ved startområde er det plassert klatretau, der borna kan utfalda seg.

Det vart både ein folkfest og folkevandring langs sportsløypa utover dagen, der det vart lagt inn ulike aktivitetar.

Folk forsynte seg av eit velfylt kakebord, før dei la ut på tur.

Folk forsynte seg av eit velfylt kakebord, før dei la ut på tur.

Ved starten av løypa er det plassert klatretau der borna kan utfalda seg.