Finaste turløypa i Kvinnherad?

Bremstølen 5

Trudde du kanskje det var Halsnøy Sportsløype?

Vel, skal ein av garde med barnevogn og smårollingar er det kanskje rett. Eller om du berre vil rusle ute i naturen, søke fred og ro og nyte utsikta.  Men går lysta meir i retning av ein trimtur der ein  kan ta seg litt ut, eller ei skikkeleg treningsøkt der målet er å verkeleg styrkja legg- og lårmuskular, lyt ein nok over på fastlandet , der liene er lengre og toppane høgare. I så måte er truleg turløypa frå Hellandskrysset på Husnes til Bremstølen kanskje den flottaste trimløypa i heile Kvinnherad! 

Bremstølen 5.jpgParker ved turskiltet på andre sida av Hellandsbrua og følg løypa som er merka mot Mjelkhaug. Nokre hundre meter oppe møter du skilt mot Bremstølen, der du tek til venstre. Storparten av løypa ligg turt og fint austom Hellandselva, på ein morenerygg som strekkjer seg like opp til snaufjellet. Her svingar løypa seg fint og mjukt mellom furulegger og bergknattar, nydeleg omkransa av blåbærlyng nærast så langt auga rekk. Dei få stadene der det ikkje er heilt turt, har ivrige hender lagt det tilrettes med stein og heller, så ein kjem seg fint over utan å verta våt på fottøyet. Så godt tilrettelagt er her at ein faktisk må vera svært uheldig, for ikkje å sei slumsete, om ein ikkje er like turr og rein i joggeskoa når ein kjem attende som då ein la ut!

Løypa er perfekt både for tur, trim og skikkeleg trening. Her kan ein verkeleg få smurt knirkande kneledd og sett fart i reparasjonen av eit skrantande hjarte- og lungesystem, som knirkar og ber seg etter alt for mange late timar i sofakroken under fotball-EM. Alt etter ambisjonsnivå og kor ein ligg på normalfordelingskurva for fysisk form og alder,  kan ein utnytta stigningane og flatane i løypa til nærast perfekt intervalltrening.  Om det er eit mål for turen å verkeleg gje blodsirkulasjonen eit kick, så ligge det vel til rette for det. Men om du heller vil ha meir tur enn trim, så er det berre å setja ned takt og tempo. Ei flott oppleving vert det uansett.

Premien får ein ved ankomst Bremstølen, ca. 475 m.o.h.  Her breier fjordane og øyane i Sunnhordland seg ut,  med Halsnøy som eit nærast sjølvsagt midtpunkt !  "The most wonderful archipelago in the world", som ein dansk flykaptein utbraut begeistra over høgtalaranlegget under ei innflyging med SAS for nokre år sidan. Er du på rett side i overnemde normalfordelingskurve, tek du gjerne turen vidare, til Svartavatn, Mannen eller Mjelkhaug! I så tilfelle treng du fottøy som tåler meir vatn. Hvis ikkje kan du rusla, eller springa ned att, same veg som du kom opp. Berre hugs at kneledda får noko meir påkjenning nedover enn opp. Og at eit fall i unnabakke kan gjera mykje meir vondt, og skade, enn eit fall under oppstiging. Det er ingen stader fysiske lover gjeld meir enn ute i naturen !

Bremstølen 1.jpg

Bremstølen 2.jpg

Bremstølen 3.jpg