Eit krigsminne...

beeina

...slik det vart fortalt meg.

Av Per Ove Kviteberg

 

Under ein fottur i nærområdet i denne flotte påskeveka kom eg på eit krigsminne frå Sjøvangen som eg plukka opp som gutunge med "store øyrer" på 1950-talet.

 

Utover i 1943 og 1944 vart det meir og meir klart for folk at tyskarane var i vanskar på austfronten og leid stor tap. Samstundes byrja det å gå stadig sterkar rykte om at norske våpenføre menn skulle tvangsutskrivast og verta sende til austfronten, der det rasa voldsomme krigshandlingar. Ein dag, truleg våren 1944, ryktast det at tyskarane var på veg til Høylandsbygd for å tvangsutskriva alle våpenføre menn. Folk i Røo og Sjånjo vart også varsla, som naturleg var.  Dei som kunne, måtte komma seg vekk! Dei fleste av dei yngre mannfolka i grenda tok seg opp i Hansavik-åsen, eller Seljehaugsåsen, som han også vart kalla. Dette er ein rund, og temmeleg utilgjengeleg ås som ligg litt sørom gardane i Sjøvangen. Den såkalla Tjuvaholo ligg i nordenden av åsen. For dei som måtte gøyma seg, var denne åsen eit godt val. Dei var lokalkjende og visste om fleire stader der det var råd å ta seg ned, dersom dei måtte ta beina fatt og komma seg lenger av garde.

I så tilfelle var planen var å komma seg unna, først opp i heia mot Arnavik, så om nødvendig til Bremnes for å få transport over til England. Ein ting hadde dei klart for seg: Dei skulle ikke la seg innrullera hos tyskarane! Dei visste at det å verta sendt til Austfronten truleg ville vera den sikre død!  For sikkerhets skuld hadde dei også ei rifle med seg opp i åsen, ein Winchester og tilhøyrande ammunisjon. Eg hugsar ikke om det vart snakke om fleire våpen. Og kikkert hadde dei med.

Røsskleiv 800.png

Så her ligg dei,  4 - 5 karar, fiskar- og småbrukarsøner frå Røo og Sjånjo, midt på blanke føremiddagen, truleg ein vårdag i 1944. Kanskje var det ein like vakker dag som på biletet? Rykta om at tyskarane kanskje alt er komne til Høylandsbygd kvernar i hovudet. 

Den gong, for omlag 75 år sidan, var det langt mindre vegetasjon i grenda enn det ein ser i dag. Frå toppen av åsen hadde dei full oversikt, enten fienden kom til over heia eller sjøvegen gjennom Holmasund ved Toftekalven.

"Holmen" som dei lokale kalla den vesle øya på søraustspissen av Halsnøy, hadde hatt sitt drama med tyskarane tidlegare i krigen. Ei hending som hadde gjort sterkt inntrykk på lokalbefolkningen. Den kjende jødiske forretningsmannen Rabinowitz frå Haugesund, gøymde seg her, men vart tatt til fange her i desember 1940 og sendt til Sachenhausen.  Du kan lesa heile denne soga på Høylandsbygd Bygdalag sine heimesider.

Men no er det 1944, alle veit at krigen går mot slutten, men alle veit at tyskarane kjem til å selja seg dyrt. Og no vil dei ta norske ungdommar og menn med seg!. Brått støkk dei til ! Ein mann kjem ut av skogen nedanfor Røsskleiv, som ligge heit oppe i venstre hjørna av biletet. Han kjem nedetter Bygdaholo, det høgaste bruket på Halsnøy, og tek fatt på vegen nedetter mot Røo. Kikkerten går på omgang.  Dei slår fast at han er er grønnkledd og har militærstøvlar. Winchesteren er ladd og fingeren krummar seg m avtrekkaren. Men det er langt hald.  Og alle har i friskt minne kva som skjedde i Telavåg då tyske Gestapofolk vart drepne der i 1942.  Så å trekkja av tør dei ikkje ein gong tenkja på.

Men det er rart at tyskaren kjem åleine.  Det vert usikre.  Etter kvart som han kjem enno lenger ned i grenda byrjar dei å dra kjensel "på gangalaget".  Det er den lokale fjøskontrolløren som kjem over Heia frå Høylandsbygd på sin årlege runde, som vanleg kledd i grønn overall og gummistøvlar!  Dei pustar letta ut!

Etter det eg fekk med meg, vart dei likevel verande oppe i åsen til neste dag.  Då kom det bod frå Høylandsbygd om at det hadde vore falsk alarm. Tyskarane viste seg ikkje der før krigen var slutt neste vår.

Det var på desse tider at Max Manus sprengde arkivet til den tyske Arbeidstenesta, den berømte sabotasjeaksjon som sette ein effektiv stoppar for slike tyske planar. Men for folka i denne fredelege avkroken i verda vart dei ei alvorleg påminning om kor alvorlege tider ein var inne i, og at ingen stad var trygg.