Dugnad i stranda 1. mai

Sjøvangevågen

Tysdag 1. mai vert det som vanleg dugnad i stranda for å ta hand om søppel, rusk og rask etter vinteren.  Me startar kl. 11 og bør vera ferdig i 2 - 3 tida. Der er søkt SIM om tilskot i samband med "Rydd ei strand" aksjonen dei har sett i gang. 

#2593591

Ta gjerne med rive, trillebår og anna nyttig reiskap.  Sjølvsagt tek me oss tid til å nyta medbrakt kaffi og noko attåt. Me kryssar fingrane for at det vert godt ver, som vanleg. 

​Det er tinga gravemaskin som kjem onsdag 2. mail for å reparera muren som har rast ut 

2009 05.01 1.mai dugnad i stranda 036_550x413.jpgBilete: Stranda i Sjångevågen kan vera eit paradis for små og store, som biletet syner, men området er svært utsett for forsøpling som driv inn frå Skåneviksfjorden. Her frå 2009-aksjonen ! Klikk på biletet for større format.

Du kan lesa meir om "Rydd ei strand" aksjonen  her.