Dugnad i stranda 1. mai

På 1. mai vert det som vanleg dugnad i stranda for å ta hand om søppel, rusk og rask etter vinteren. Me startar kl. 10 og held fram så lenge som nødvendig. Der er søkt SIM om tilskot i samband med "Rydd ei strand" aksjonen dei har sett i gang.
#2593591
Ta gjerne med rive, trillebår og anna nyttig reiskap. Traktor-eigarar koordinere kven som tar med tilhengar. Og sjølvsagt tek me oss tid til å nyta medbrakt kaffi og noko attåt. Me kryssar fingrane for at det vert godt ver, som vanleg. Aksjonen i Svortevik vert sett i verk litt seinare i mai.
Bilete: Stranda i Sjångevågen kan vera eit paradis for små og store, som biletet syner, men området er svært utsett for forsøpling som driv inn frå Skåneviksfjorden. Her frå 2009-aksjonen ! Klikk på biletet for større format.
Du kan lesa meir om "Rydd ei strand" aksjonen her.