Byggetilskot frå Kvinnherad kommune

Trinn II løype

Kvinnherad kommune har no betalt ut restsummen på 131 500 kroner i byggetilskot til helsesportløypa. Med dette er heile den kommunale 1/3-del av byggekostnaden gjort opp. Me er med dette komne eit godt stykke på veg med finansieringa av løypa, berre vel eit år etter at arbeidet i marka starta !  Med den flotte medverknaden frå Kvinnherad kommune og Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad, vonar me at prosjektet skal kunna fullfinasierast om ikkje så lenge.

2. byggetrinn , stipla med raudt på flyfoto nedanfor, går frå rasteplassen på Skarpeid og attende til P-plassen. Den stipla grøne linja syner første halvpart av løypa, som vart fullført i fjor.

Trinn II løype II.jpg

Med dette vert Halsnøy Sportsløype ei fullverdig rundløype på nær 1.5 km. Går alt etter planen framover, skal heile løypa vera grusa og klar til bruk ein gong i juni måned.

Trinn 2[1].JPG