Bygdaholo - høgaste husa på Halsnøy!

Bygdaholo i dag, 2020

Bygdaholo er eit "plass" under garden Røo sør på Halsnøy.  Staden var busett i omlag 150 år, fram til 1988. Dei som slo seg ned her var ekteparet Ola Torbjørnsson frå Tuddal i Telemark og Udna Viskjær frå Fjæra, rundt 1843.

Ola var omgangskulelærar og rosemålar. Mykje målarkunst låg etter han då han døydde, men det meste vart øydelagt i ein husbrann. Ola og Udna hadde 6 born, fire gutar og to jenter. To av gutane, Torbjørn og Ola, drog til sjøs og vart borte for alltid. Ein tredje gut, Nils, døydde i 1853, berre 6 år gamal, utan at ein kjenner årsaka. Litt seinare same året fekk dei ein ny gut, som også fekk namnet Nils. Eldste jenta, Bergitte vart gift med Lars Kristofferson, "Dala-Larsen", som han vart kalla.  Lars kom frå Fjelberg og vart ein vidkjent tømmermann på treskipsbyggeriet i Gravdal. Dei var busette på eit lite plass i Stølsvik, der bakken der det veste huset deira sto vert kalla "Dala-Lars'en" den dag i dag. Yngste søstera, Anna Helene drog til Amerika og kom aldri att. Nils vart buande att i Bygdaholo og gifta seg i 1890 med Elen Albrektsdtr. frå Hillestveit i Bømlo. Utover på 1890-talet vart det atter barneleik og latter å høyra i Bygdaholo. Fem born kom til verda og vaks opp i det vesle huset under nuten. To søstre, Udna Marie og Nilsine Cecelia gifte seg med kvar sin bror og flytta til Spissøy i Stord. Ola, fødd i 1895 for til Amerika, men vart borte under ein planlagt heimtur. Den siste guten, Tornelius f. 1899, kjøpte plasset etter mora i 1924 og bygde opp att huset etter brannen. Han vart buande her saman med søstera Albertine f. 1895, kalla Bertine.  Ingen av dei vart gifte.  Tornelius arbeidde på hermetikkfabrikken i Toftevåg storparten av livet og hadde ein helst strevsam veg til/frå arbeid, til fots og på sykkel, for det meste. Begge hadde ord på seg som snille og gjestfrie, og sette stor pris på at folk stoppa på i Bygdaholo, når dei var på veg til fots til eller frå Høylandsbygd.

På 1950- og 60-talet var det alltid spennande å gå julebukk til Bygdaholo.  Der var langt frå folk og lite lys. Bertine var kjent for å vera overtruisk, noko ho kanskje hadde arva frå bestefaren sin, frå Tuddal. Iallfall kunne ho møta julebukkane i døra og be dei fara inn att i "berget dei kom frå", medan Tornelius sto smilande bakom, vinka med fingeren og sa:  "Berre kom inn".  Då vanka det både godteri og julekjeks!  Kanskje hadde Bertine også eit lite smil på lur! 


Tornelius døydde i 1988. Sidan den tid har det vore stille i huset under Bygdaholsnuten.  Men slekta lever att andre stader. Me kjenner til at søstrene  som drog til Spissøy fekk ei større slekt etter seg, m.a. Lise May Spissøy, som var reportar i NRK Hordaland i mange år. Unni Halvorsen fortel at ho er oppkalla etter oldemor si, som også heitte Udna, den gamle forma av Unni. Ho var dotter til "Dala-Lars'en" og Bergitta frå Bygdaholo.  Denne andre Udna var dotter-dotter til Ola og Udna, som såleis vert tipp-tippoldeforeldra til Unni og søstrene hennar på Skato i Høylandsbygd!

Bygdaholo og nuten vestom er forresten ein fantastisk utsiktsplass og vel verdt besøk ein godværsdag.  Det er fleire vegar opp på nuten, men kanskje enklast frå velteplassen på Flåto.

Kjelde: Skåneviksoga Bind I, av Anders Haugland. Sjå også artikkel av Torleiv Sydnes i bladet Sunnhordland i 1991 nedanfor.

Bygdaholo
Frå bladet Sunnhordland 5.feb. 1991
Det er flott utsyn over Skåneviksfjorden frå Bygdaholo.
Utsyn frå Bygdaholo
Albertine Røen, Ingunn, Bjarne og Gerd Inger Hetlevik, feriegjester frå Haugesund og Tornelius Røen nedanfor huset i Bygdaholo. Biletet tatt rundt 1960 av Liv Hetlevik.
Albertine Røen, Ingunn, Bjarne og Gerd Inger Hetlevik, feriegjester frå Haugesund og Tornelius Røen nedanfor huset i Bygdaholo. Biletet tatt rundt 1960 av Liv Hetlevik.