Alsaker løyver til gangvegprosjekt

Irene i stranda i 2007

Flott pengegåve frå Alsaker Fjordbruk

Les meir...

Bilete: Irene Halland Bjørgen rydjar gangvegen for tare og rekved i 2007! Etter den tid er grus og steinar blitt vaska bort og gjort det uframkommeleg for dei som ikkje er spreke til beins.

I desse unntakstidene, der koronakrisa har medført både bortfall og utsetjing av inntekter frå arrangement, varmar det ekstra at Alsaker-konsernet har gitt tilsagn om 12.500 kroner i tilskot til arbeidet med å få på plass ein stabil og god gangveg mellom båthavna i Kilen og resten av Sjøvangevågen.

- Me er svært takksame overfor grunneigarane som entusiastisk har gått inn for planane om ei permanent løysing for at denne gamle gangvegen skal kunna haldast open for ålmenta! Stormflo og bølger har gradvis vaska ut grus og stein, slik at det ikkje lenger var framkommeleg for t.d. rullestol eller barnevogn, seier leiar i Velforeningen, Bente Kviteberg.

- Sist gangvegen vart opprusta var det med støtte frå  Fjelberg Kraftlag for snart 20 år sidan, men dei siste åra har det mest vore som i gamle dagar, då ein måtte hoppa frå stein til stein om sin skulle røra seg til fots her.  Så all ros til Alsaker for at me kan få sett gangvegen i stand att slik at han igjen skal kunna nyttast av alle som ferdast i området.