Aksel Kloster - eit 40-årsminne

I 1976 hadde underteikna sommarjobb som journalist i bladstova til "Sunnhordland" på Leirvik.  Eller "bladfyk", som det heitte til dagleg i denne nynorsk-bastionen. Ein dag fekk eg i oppdrag av redaktør Halvdan Hystad å dra til Stord Verft og gjera intervju med den nyvalde klubbformannen i Jern og Metall, Halsnøyguten Aksel Kloster. Sjå faksimile frå "Sunnhordland" onsdag 30. juni 1976 nedanfor.

Av Per Ove Kviteberg

 

Ikkje å undrast at gamleredaktøren i "Sunnhordland", og fleire med han, var spent på kva kar det var som hadde tatt over leiinga av "klubben" på ein av dei største industriarbeidsplassane på Vestlandet. Dette var på ei tid då unge disiplar av Marx, Lenin, Mao og Pol Pot strøymde i hopetal ut frå norske universitet og høgskular for å "sjølvproletarisere" seg. Målet var å skapa mest mogeleg ufred og konflikt rundt om på arbeidsplassane. På denne måten skulle motsetnaden mellom arbeid og kapital koma klart fram i dagen, slik marxistisk skulerte professorar og høgskulelektorar hadde innprenta dei. Målet var å fremja "væpna revolusjon", endepunktet for det såkalla "seinkapitalistiske" samfunnet som ikkje var til å unngå. Først etter at den eigande klassen av kapitalistar og industiherrar var rydja av vegen, kunne ein gå fram mot det klasselause, paradisiske samfunnet, der arbeidarane sjølv hadde kontrollen med produksjonsmidlane.

Stord Verft, som det heitte den gongen, var inne i ei stor omlegging frå skipsbygging til offshoreverksemd. For verksemda og for heile lokalsamfunnet på Stord var det kritisk om AKP M-L (Marxist-Leninistane) 1)  kunne vera på veg inn for å "kuppa" verkstadklubben.  

Den nye klubbformannen var rett nok inne i Kvinnherad kommunestyre som representant for Arbeidarpartiet, men kor "fast var han i fisken"?  Var han sterk nok til å halda "dei raude" frå livet, om dei skulle prøva seg?  Små, velorganiserte grupper på viktige norske arbeidsplassar kunne lett skapa mykje uro.  Det biletet som teikna seg i dette første portrettet (det skulle verta mange slike med åra, men det visste ingen då!)  av den unge Halsnøy-guten Aksel Kloster må ha roa ned dei fleste. Redaktøren, som var svært klar på kva viktig rolle Stord Verft spela for heile regionen, sette stor pris på det. Intervjuet vart slått opp over halve førstesida og meir enn halve baksida. Her var ikkje stroke eit einaste ord.

Aksel viste seg etter kvart å vera eit framifrå politikaremne. Inspirerande, veltalande og konstruktiv steig han fort i gradene til han enda opp som personleg sekretær for Olje- og Energiminister Bjartmar Gjerde. Dei gjekk godt i tospann, sunnmøringen og sunnhordlendingen. Begge var vakse opp på småbruk med fleire søsken, og måtte avslutta skulegangen etter folkeskulen. Dei møtte det politiske livet i hovudstaden utan realskule, gymnas og akademisk bakgrunn, slik mange av deira politiske med- og ikkje minst motspelarar var utrusta med. Dette var i ei tid med stor dramatikk i norsk energipolitikk;  Alexander Kielland-ulykka, konflikt om store arbeidsoppdrag i Nordsjøen, bråk i Stortinget omkring utbygginga av Statfjord, Alta-utbygginga osv.  Begge fekk røyna seg. Aksel gjekk etter kvart attende til LO som oljesekretær.  Bjartmar fekk deler av partiet mot seg, vart sliten og gjekk av hausten 1980. Då hadde begge markert seg sterkt i store saker som var framme i tida.

Aksel Kloster kom attende til Stord, først som tiltakssjef i kommunen og litt seinare som leiar av det nyoppretta Samarbeidsrådet for Sunnhordland. I perioden 1981 - 85 var han vararepresentant til Stortinget for Arbeidarpartiet.  Han var i ein periode leiar i Hordaland Arbeidarparti og medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet.  Gjennom desse verva fekk han høve til å halda ved like og fornya kontaktnettet sitt på sentralt hald. Han skulle koma til å setja store og varige spor etter seg i regionen.  Først og fremst som pådrivar for alle dei viktige samferdsleprosjekta som etter kvart kom i gang. Utan Aksel sine evner til å finna fram i "maktens korridorer" hadde fleire av desse knapt blitt realisert, iallfall ikkje før mykje seinare.

Hans rolle som fødselshjelpar og inspirator gjennom Samarbeidsrådet for Sunnhordland for ein flora av småbedrifter som såg dagens lys i Sunnhordland utetter 1980-og 90-talet kan heller ikkje overvurderast. Willoch-regjeringa fekk løyst opp i det tilstivna banksystemet frå etterkrigstida og lånekapital vart gjort lettare tilgjengeleg for folk flest. Mange eigarar av mindre verksemder i Sunnhordland fortel samme soga: "Hadde det ikkje vore for at Aksel hadde tru på meg og min forretningsidé hadde eg aldri våga å satsa !"  Men det gjorde mange. Dei fleste kommunar i Sunnhordland har i dag blomstrande verksemder som såg dagsens lys takka være Aksel Kloster sin evne til å oppmuntra folk med idear og få dei til å setja planane ut i livet. 

Frå 1995 - 2003 var var han ordførar i Kvinnherad, der han var respektert for sine evner til samarbeid og kompromiss på tvers av partipolitiske skiljeliner, som ofte følgde dei gamle motsetningane mellom bygdene.  Men han var óg til tider omstridd, særleg då striden om Folgefonntunnelen sto på som verst.  I tillegg til sine politiske verv, hadde han stor gleda av å komma ut og treffa folk.  Han var visevert og konferansier på tallause arrangement rundt om, og sa sjeldan og aldri nei til eit oppdrag. Han kunne snakka like lett med folk, uansett stilling og stand eller kor dei kom frå. Han passa alltid på å trekkja fram bakgrunnen sin, som brislingfiskar og stillas-arbeider. Ein meir "folkeleg" politikar, i ordet si beste tyding, måtte ein gå langt for å finna!

I 2006 vart han råka av ein alvorleg sjukdom og gjekk bort, berre 58 år gammal. Utan at ein risikerer å trakka særleg mange på tærne, kan ein trygt sei at Aksel Kloster er det næraste av omgrepet "ein stor politikar", på godt og vondt, som nokon frå Halsnøy har kome.

1) AKP M-L er forlauparen til partiet "Raudt" i dag, som forresten står fram som nokså "snillistiske" samanlikna med opphavet på 1960 og -70 talet.

2) Halvdan Hystad var bladstyrar og utgjevar av bladet "Sunnhordland" på Stord frå like etter 2. verdskrig og fram til han trekte seg attende i mars 1980.

Aksel.jpg

Artikkelen heldt fram på siste side:

Aksel2.jpg