Velkommen til haustbasar 29. oktober kl. 16:00

Basar

Det vert tradisjonell Haustbasar i Skulehuset i Røo søndag 29. oktober kl. 16:00. Johannes Bondhus frå Dimmelsvik kåserer om krigsseglarar frå Kvinnherad, kven dei var, kva dei opplevde og korleis det gjekk med dei.  Han har samla mykje kunnskap om våre lokale krigsseglarar, særleg dei frå Mauranger, men også dei frå Halsnøy.  Han er dessutan ein framifrå forteljar, så dette vert ei triveleg stund. Les meir på nettsida Mauranger.no

Johannes Bondhus_200x241.jpg

På basaren vert det 2 rundar åresalg og trekning på bøkene som er ute for salg nå. Her er mange fine og artige gevinstar for små og store.  Som vanleg serverer me nytrekt kaffi eller te, med rykande fersk heimebakst attåt.

Me vil nytta høvet til å takka alle våre gode sponsorar og ikkje minst støttespelarane som er med og kjøper lodd!