Sunnhordland - for ei tid sidan

Framside Fokus Sunnhordland

Seinhaustes 1985 kom gratisavisa "Fokus Sunnhordland" ut. Prosjektet var eit samarbeid mellom det nystarta firmaet Datahjelp AS i Høylandsbygd og det relativt nyskipa Samarbeidsrådet.

Avisa tok mål av seg til å presentera satsings- og veksnæringane som var utpeika i fylkesdelplanen for Sunnhordland: Havbruk, offshore, EDB, skogbruk og reiseliv.  For og innhald var nok sterkt prega av dåvreande dagleg leiar i Samarebidsrådet, no avlidne Aksel Kloster sitt store engasjement og vyer for regionen. Å bla gjennom avisa i dag, snart 30 år seinare, kan gje eit artig tilbakeblikk og betre forståing for den storstilte utviklinga me har hatt i Sunnhordland sidan den gong.

Last ned heile avisa her.Fokus Sunnhordland.pdf

Framside Fokus Sunnhordland heile.jpg