Røen og Sjøvangen Framside
<description>Røen og Sjøvangen Framside</description>
<copyright>Røen og Sjøvangen Framside</copyright>
Røen og Sjøvangen Skule  1923-1953
 <description>Ved enden av kommunevegen til Røo, sør på Halsnøy, står det eit kvitt, gammalt hus oppi lia. Du straks kjensel på den typiske byggestilen for små grendeskular som det vart bygd hundrevis av i landet vårt på 1800-talet. Det er i år 100 år sidan at "Røen og Sjøvangen Skule* vart reist her, i 1923.</description>
Endeleg avgjerd i vegsaka
 <description>Gulating lagmannsrett har no avsagt endeleg dom i vegsaka i Sjøvangevågen. Eigarane av gnr 203 bnr 3 og bnr 7 har rett til køyreveg over bnr 1. Traséen skal i hovudsak følgja eksisterande veg, med ei mindre justering over bnr 1 på vestsida av elva. </description>
Hjelp Ukraina - eit land der livet er snudd opp - ned!
 <description>Møt vår venn Roman. Han er eit hjarteskjerande eksempel på dei mange millionarar ukrainarar som har fått livet totalt omsnudd på mindre enn to veker! Biletet illustrerer korleis livet hans var fram til no. Ein erfaren seniorkonsulent for Adonis, som har jobbet i selskapet sidan 2008. Frå kontoret i Kharkiv ville han hjelpe kunder med installasjon og oppsett av Adonis-systema, kjøre webinar og gje brukarar over heile verda opplæring. Før Covid pleide han å reise på oppdrag rundt om i Europa, USA, Asia og ombord på skip.</description>
Lokalfilm, ei kulturhistorisk skattekiste!
 <description>Saman med filmskaparen Merethe Offerdal Tveit, lærarane Ada Irgens Normann og Greger Våge, har klasse 7a og 7b ved Halsnøy skule laga ein kortfilm om då koleraepidemien kom til Halsnøy i 1849. Sjå filmen på denne lenka. Dette er den førebels siste i ei samling lokalhistoriske kortfilmar som denne Kvinnheradjenta har bygd opp nærast i det stille. Nettstaden for samlinga, Lokalfilm, er blitt ei skattkiste som dokumenterer ulike tema frå den nære historia i bygdene våre.</description>
"Nils'n i Dalen" og andre husannsfolk i Sjøvangen
 <description>Frå 1600-talet og frametter vart det meir og meir mangel på jord og buplasser i landet vårt. Mange fekk leiga ein liten teig på ein gard til å setja opp eit lite hus, oftast med litt jord attåt. Somme husmannsplassar kunne også ha ei lta løe eller eit uthus. Desse eigedomslause vart kalla husmenn. Denne gruppa var i sterk vekst fram til midten på 1800-talet, då utvandinga til Amerika etter kvart skaut fart og letta trykket i bondesamfunnet. Husmannsfolk i Sjøvangen var mellom dei aller første som gjorde oppbrot i tru og von om eit nytt liv på andre sida av Atlanterhavet. (Meir om det ein annan gong)</description>
Bygdaholo - høgaste husa på Halsnøy!
 <description>Bygdaholo er eit "plass" under garden Røo sør på Halsnøy. Staden var busett i omlag 150 år, fram til 1988. Dei som slo seg ned her var ekteparet Ola Torbjørnsson frå Tuddal i Telemark og Udna Viskjær frå Fjæra, rundt 1843.</description>
Mykje folk i Sportsløypa gjennom haustferien
 <description>Det har vore tett med bilar og masse folk i løypa denne siste veka, frå tidleg på føremiddagen til langt ut mot kvelden. Dette biletet er tatt kl. 17 søndag 11. oktober, då det framleis sto 8 bilar att på dei to parkeringsplassane. Truleg har det vore rundt 150 bilar og opp mot 500 menneske i løypa denne veka. </description>
Haustbasaren 2020 AVLYST!
 <description>På grunn av innstamminga av smittevernreglane, vert det ikkje råd å avvikla den årlege haustbasaren som planlagt. Me vonar at situasjonen snart vil normalisera seg og ønskjer alle ivrige basargjester hjarteleg velkomne til den årlege Vårbasaren som vert i byrjinga av mai 2021. Som de veit, måtte denne også avlysast i 2020. Vi kjem attende med ny dato seinare.  Anders Haugland frå Ølensvåg, lokalhistorikaren som har skrive gards- og ættesoga frå gamle Skånevik kommune har lova å komma til vårbasaren neste år for å kåsera fortelja om "laust og fast" frå gamle Skånevik herad. Mange kjenner til at kommunegrensa gjekk i elva som renn nedetter Sjøvangen; i Høylandbygd var det bekken mellom gardane Skato og Hillestad som utgjorde skiljet.  Som bygdebokforfattar har Anders Haugland plukka opp mang ei historie frå farne tider. Han er ein god forteljar, som det er vel verdt å høyra på! </description>
Alsaker løyver til gangvegprosjekt
 <description>Les meir...</description>
Soga om M/S "Norma"
 <description>Fiskeskøyta M/S "Norma" var i mange år eit kjent og kjært syn i Sjångevågen på Halsnøy. Kor kom ho ifrå, og kor ho vart av kan du lesa i denne artikkelen, som Lars Ebne i Norsk Motormuseum i Skånevik har sendt oss. Soga om M/S "Norma" er i stor grad henta frå verket "Rennesøy Fartøyhistorie". Er det nokon som har gode bilete av "Norma" på Sjångevågen vil vi setja pris på å få eit tips om det! </description>