Kjøkkenet ved "Halsnøytunet" - ved eit vegskilje etter meir enn 40 år i produksjon!

Bilete Henrik Emmerhoff

Av Per Ove Kviteberg

Det var stor stas då "Halsnøy Alders- og Sjukeheim" var opna den 3. desember 1978. 

Biletet: Henrik Emmerhoff syner stolt fram kjøkkenet på institusjonen under omvisinga.





Det er knytt stor spenning til "kjøkkensaka" som skal avgjerast av kommunestyret torsdag 18.februar 2021. Går det mot slutt for drifta i kjøkkenet ved Halsnøytunet, etter 43 års samanhengande middagsproduksjon?

Nedanfor kan du lesa referatet frå opningsfesten, henta frå "Kvinnheringen" sitt historiske arkiv. Dei samme utfordringane som politikarane diskuterer i dag var framme også den gongen.  

"Bygda har gått hugheilt inn for saka"

Laurdag vart den nye alders- og sjukeheimen på Halsnøy vigsla og overlevert kommunen. Heimen, som har 16 sjukeheimsplassar og 8 aldersheimplassar, er allerede teken i bruk, men om laurdag vart altså representantar frå fylket, kommunen, Nationalforeninga for folkehelse og andre bedne inn til ei samkome. Denne tok til på alders- og sjukeheimen slik at gjestene fekk høve til å sjå bygget. 

Henrik Emmerhoff, som har vore formann i byggekomitéen sidan 1971, tok oss med på synfaring gjennom dei ymse romma i bygget, medan distriktslege Lars Bua synte fram helsesenteret, Ferda gjekk så til Øyatun skule, kor Henrik Emmerhoff mellom anna fortalde om arbeidet som ligg bak denne nye alders- og sjukeheimen.


— Heilt sidan krigen har Halsnøy helselag si hovudoppgåve vore å reisa ein aldersheim på øya, kunne han fortelja. Tufta vart kjøpt i 1964. og frå 1968 fekk laget årlege løyvingar frå Kvinnherad kommune til bygging av heimen.
Stoda endrar seg, heldt Henrik Emmerhoff fram og nemnde stikkord som elektrisk straum, vassverk, innedo og telefon.
Kvinnherad kommune har drive aldersomsorg slik at dei eldre kan bu i heimen deira så lenge som mogeleg. Det er bra, men samstundes har vi fått eit samfunn kor dei eldre vert meir einsame enn tidlegare, meinte han.
Eit av måla for Halsnøy helselag var å sikra seg at distriktslegen ville halda fram med å bu på øya, sa Henrik Emmerhoff som viste til at det ei stund var planar om at legen skulle flyttast til Husnes.


Den nye alders- og sjukeheimen på Halsnøy er finansiert privat. Då prosjektet var klårt og fekk byggjeleiar i 1976, vart det og oppretta ei finansieringsnemnd med Johannes G. Eide som formann. 

— Han skulle vera fenomenal til å låna pengar hadde vi høyrt, sa Henrik Emmerhoff, som saman med banksjef Leif E. Særsten og var med i nemnda. Og lån fekk dei.

Tilskot og lån frå Den norske stats husbank utgjer til saman ein og ein kvart million kroner, dette er same summen som vart lånt frå Postsparebanken. Elles kjem låna frå Eid sokn Sparebank, eit par forsikringsselskap og kommunen, i tillegg kjem innsamla midlar. Til saman er lånesummen 6 millionar kroner. Det vert rekna med at heimen vil koma på 7 millionar 600 000 kroner.

Frå nyåret av vert Kvinnherad kommune økonomisk ansvarleg for heimen. Sjukehuslova frå 1969 seier nemleg at stat, fylke og kommune skal ha ansvar for alt helsestell. Sjukeheimane er fylket sitt ansvar, medan kommunen har ansvaret for dei kombinerte heimane. Sjukeheimsplassane ved desse heimane vert refundert av fylket.

Ordførar Berge Sæberg sa i ei helsing at utan Halsnøy helselag sin innsats ville ikkje øya hatt nokon alders- og sjukeheim i dag.  -Bygda har gått hugheilt inn for saka, sa han mellom anna før han leverte nykkjelen vidare til styraren av heimen, Alv Nordland.

 

Etterord:

I 1978 hadde ikkje Kvinnheringen starta med såkalla "byline", der ein kan sjå namnet på den som har skrive ein artikkel. Men det var ikkje så lenge etter at Sjur Tjelmeland var blitt redaktør, så vi vågar å tippa at det var han som dekka opningsfesten. 

Kvinnheringen 5