Her kjem "Huldrejuv"-brua

Hufsejuvet Hengebru

Hengebrua over "Huldrejuvet" i Sportsløypa tek form. Alle som har sett Indiana Jones filmen "Temple of Doom" hugsar kor nifst og skummelt det kan verka utpå ei gyngande hengebru over eit stort juv, med krokodiller i botn langt der nede!  Omlag like nifst og farleg skal det verta å kryssa hengebrua over Huldrejuvet, iallfall om ein berre er 5 - 6 år gammal.

Hufsejuvet IJ.png

For ordens skuld lyt me føya til at denne brua sjølvsagt skal vera 100% trygg for både små og store, men likevel gje både mor, far og særleg avkommet eit lite kick, iallfall første gongen ein vågar seg over. Men rokodillene vert av plast og lokalbefolkningen er mykje meir vennlegsinna enn i filmen !

Det er Halsnøy Trelast som står for bygginga av brua, som me vonar skal vera ferdig for høgtideleg opning før årsskiftet.